Hopp til innhold

«Eg hugsar første dagen i barnehagen: Alt eg såg var 15 snørrete ungar»

LILLEHAMMER (NRK.no): Roger Aa Djupvik fekk merke på kroppen at sonen hadde byrja i barnehagen: Sjukdom, sjukdom og atter sjukdom prega ein heilt sesong...

Roger Aa Djupvik og sonen Markus (2,5) i barnehagen

I BARNEHAGEN: Roger Aa Djupvik hentar Markus (2,5) i barnehagen. Langrennsløparen håpar vinteren skal bli langt mindre sjukdomsprega enn fjoråret.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg trur det må vere ein samanheng. Det var det første året i barnehagen, og heile familien var veldig mykje sjuke, seier Roger Aa Djupvik.

Han har dei siste sesongane satsa på langløp – sjølve maratondistansane innan langrenn. Sist vinter stod høgdepunkta i kø, men så godt som ingenting gjekk etter planen.

Den verste frykta hadde slått til: Den hardtsatsande 32-åringen vart stadig vekk offer for bakteriane frå barnehagen, der sonen nyleg hadde starta.

– Eg hugsar første dagen i barnehagen: Alt eg såg var 15 snørrete ungar. No har eg lært å leve med det. Håpet er at eg skal bli immun, ler Aa Djupvik.

Har jobb og familie – og satsar hardt

Hyaren står framleis med sjuandeplassen i verdscupen i Cogne som beste resultat i karrieren. Han har også ein femteplass på 15-kilometer klassisk i NM 2008 – og i 2012 tok han andreplassen i Birkebeinerrennet.

No har han fått nye utfordringar på heimebane. Saman med May Britt Sægrov har han sonen Markus (2,5) som krev sitt.

– Det er klart eg har fått meir å gjere, med jobb og familie i tillegg til idretten. Men eg føler på mange måtar at det gir meg energi også – sjølv om det er travelt i periodar, seier han.

– Korleis er det å satse som småbarnspappa?

– Eg ville ikkje ha bytta det bort for alt i verda. Og eg lurer jo på kva eg gjorde brukte tida på då eg verkeleg satsa, ler Aa Djupvik.

– Men eg synest vel eigentleg at det går heilt greitt. Eg har blitt flinkare til å prioritere, eg har gått ned på treningsmengde og eg trenar meir intensivt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Roger Aa Djupvik i klassisk stil

SATSAR LANGT: Roger Aa Djupvik har ikkje gitt opp håpet om suksess i langløp. I vinter stiller han til start i alle dei seks renna i Ski Classics.

Foto: Rune Fossum / NRK

Brukar samlingane godt

Den betre halvdelen hans får meir å hengje fingrane i kvar gong mannen i huset er på reise i samband med samlingar eller konkurransar.

– Eg håpar jo nesten at han ikkje skal vere heime, for då veit eg at han er frisk og er ute og gjer det han skal. Og når han er heime, så er han jo på den andre sida meir til stades enn ein med 8-16-jobb, seier May Britt Sægrov.

– Dessutan ser eg verdien av at han får med seg samlingane. Då får han også sove heile natta – det får han ikkje med ein unge som ikkje søv så godt her heime, seier ho.

– Eg brukar samlingane til å trene godt. Så kan eg gjere litt andre ting når eg er heime, forklarer Aa Djupvik.

Skal gå alle dei seks langløpa

Også denne sesongen går han for Lillehammer og Team Coop. Fredag og laurdag står han på startstreken på Beitostølen. Det er klart for nok ei sesongopning.

Dei store måla denne sesongen er Birkebeinerrennet, Jizerská Padesátka i Tsjekkia og finalerennet i Åre. Han håpar å få med seg alle seks løpa i Ski Classics.

– Eg tenkjer mest på å gjere gode enkeltskirenn. Men då vil ein jo også komme høgt samanlagt, seier Aa Djupvik.

– Eg har vore på sigerspallen før, og då er det også mogleg å vinne renn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Roger Aa Djupvik på start

TEL PÅ KNAPPANE: Roger Aa Djupvik ser ikkje bort ifrå at den kommande sesongen blir den siste på toppnivå.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kan bli den siste sesongen

Det viktigaste blir uansett å halde seg frisk. Sist sesong var så sjukdomsprega at det gjekk utover motivasjonen.

– Eg vil ikkje ha mange slike sesongar. Det var veldig kjedeleg. Eg var ikkje sikker på om eg skulle ta ein sesong til. Samstundes er det jo kjedeleg å gi seg etter ein slik sesong, seier 32-åringen.

– Er det litt «no eller aldri» for deg i år?

– Det kan fort bli den siste sesongen. Uansett om det går bra eller dårleg, så kan det vere eit OK tidspunkt å gi seg på – men det vil tida vise.