Hopp til innhold

Slik kan den teknologiske utviklinga setje deg i fare

All digital utvikling er ikkje nødvendigvis til det beste for alle. Bruken av sosiale medium og smarttelefonar er blitt ei utfordring for krisesentera i landet.

Personar som går i skjul etter misbruk, kan bli spora opp av misbrukaren, ved hjelp av sosiale medier og mobil-appar.

SJÅ TV-SAK: Personar som går i skjul etter misbruk, kan bli spora opp av misbrukaren, ved hjelp av sosiale medium og mobil-appar. (Foto/redigering: Ole Andre Rekkedal/NRK)

Ved enkle tastetrykk eller installerte appar, kan nemleg personar sporast opp og bli kontakta av folk dei aller helst ikkje skulle hatt kontakt med.

Krisesenteret i Sogn og Fjordane åtvarar no saman med politiet mot bruk av sosiale medium og mobil-appar som avslører kvar du er.

– Problemet er at dei lett kan bli spora gjennom desse media og mobiltelefon. Dette med sosiale medium gjer at vi må utarbeide nye, og klare reglar for kva som er viktig å vere merksame for, seier dagleg leiar, Wenche Hovland.

Nye tryggleiksrutinar

Til Krisesenteret i Florø kjem kvinner, born og menn på flukt frå overgrep. Her skal dei møte ei trygg hamn, men også ha eit liv. I 2014 inkluderer det tilgang til internett, nettbrett og mobiltelefon.

Wenche Hovland, Krisesenteret i Flora

DAGLEG LEIAR: Wenche Hovland ved Krisesenteret i Flora.

Dei same kommunikasjonsmidla representerer også ein fare som kan setje dei mest sårbare av oss i endå større fare. Gjennom ein app eller Facebook-oppdatering kan vedkommande bli spora opp av brukaren.

Dette er ei utfordring for Krisesenteret som grunna utviklinga oppdaterer sine eigne tryggleiksrutinar for risikoutsette.

– Vi har sett overgriparar som har installert appar på telefonen til den som er utsett for det, for å halde kontroll på personen. Vi har sett at folk ikkje har vore bevisst på at det har vore mogleg, eller visst om at det var gjort med telefonen, seier Hovland.

Kartlegg faren

I dag må kvar brukar som kjem til Krisesenteret igjennom ei trusselvurdering.

Senteret vurderer problemet, kor utsett brukaren er, kor alvorleg det er og kva faren for at vedkommande blir forfølgd.

– For born har vi utarbeidd tryggleiksplaner, og kartlegg ofte i samarbeid med politiet meir inngåande situasjonen. Eitt av dei tryggleikstiltaka er å kutte ut Facebook, kutte ut mobiltelefonen eventuelt ny mobiltelefon, seier Hovland.

– Kan vere vanskeleg

Politioverbetjent Linda Åmelfot deler åtvaringa til Hovland.

Linda Åmelfot

ÅTVARAR: Politibetjent Linda Åmelfot.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er faktisk store utfordringar. I dag er smarttelefonar med ein del apper, og då kan ein ukritisk seie ja til det meste som ligg der. Er ein ikkje bevisst, så kan ein vere lett sporbar, seier ho og oppmodar folk som må gå i skjul om å byte telefon.

Hovland har inntrykk av at dei fleste ikkje er bevisste nok på kva fare slike appar representerer.

For mange er sosiale medium som Facebook ein lim i kvardagen der ein held kontakten med familie og venner. Slike vanar kan vere vanskelege å bryte med.

– Vi jobbar ein del med å bevisstgjere kva som er farleg. Mange ser ikkje faren med det, og det kan vere vanskeleg å kutte ut Facebook, seier ho og legg til at dei ikkje tvingar brukarar til å kutte ut Facebook.

Ikkje tvang

– Men vi rår dei til det. Kutt ut Facebook, slå av mobiltelefonen og skaff nytt mobilnummer, held Hovland fram.

– Trur du det er vanskeleg for mange å bryte opp med dette, i tillegg til alt anna ein må bryte med når ein kjem i ein slik situasjon.

– Ja, det trur eg. Eg har ei kjensle av at folk får ei avhengigheitskjensle av det.