NRK Meny
Normal

For fire år sidan var ho ei slagen kvinne – i natt blei ho valvinnaren i heimfylket

FØRDE (NRK): I dag er Liv Signe Navarsete glad for at ho let seg overtale til å stille på igjen etter valnederlaget og leiarstriden for fire år sidan. Med partiet sitt beste valresultat på 24 år er motivasjonen igjen på topp hos den tidlegare Sp-leiaren.

Liv Signe Navarsete

GLAD: Liv Signe Navarsete gler seg over avisoppslaga dagen etter valet. Slik var det ikkje for fire år sidan. Med eit historisk sterkt resultat frå heimfylket i bagasjen har ho styrka sin personlege posisjon i partiet.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Val

– Eg er veldig glad for at eg let meg overtale til å stille opp igjen. Eg var jo eigentleg tenkt å slutte. Eg legg jo ikkje skjul på at det var tøft for fire år sidan. Åtte år i regjering sett sine spor, og vi måtte betale ein pris for det ved valet for fire år sidan. Og det vart jo mykje uro i partiet etterpå. Det var ei tøff runde, seier Liv Signe Navarsete.

Historisk resultat

Då NRK møter henne «dagen derpå» er ho glad og letta, men trøytt etter nattas valvake. Søvn er det blitt lite med. Men ei natt med lite søvn betyr nok lite for Navarsete når partiet hennar opplever ei dobling av oppslutnaden som gir åtte nye medlemmer i stortingsgruppa. Frå heimfylket har Navarsete med seg ein oppslutnad på nær historiske 30 prosent.

sandra borch

OPEN KONFLIKT: Sandra Borch og Liv Signe Navarsete hadde alt anna enn eit hjarteleg forhold. No skal begge sitje på Stortinget dei neste fire åra.

Foto: NRK

Sjukmelding og sterke skuldingar

Dette er fjernt frå det som var realitetane etter valet for fire år sidan. Etter at veljarane kasta dei raudgrøne ut av regjeringskontora var det duka for ein bitter og personleg leiarstrid, først og fremst mellom Navarsete og nestleiar Ola Borten Mo. Så hard var striden at Navarsete valde å trekke seg på nyåret i 2014. Påkjenninga var så sterk at Sp-leiaren også var sjukmeld ein periode.

Leiarstriden var prega av knallharde frontar med skuldingar om ukultur, dårleg samarbeidsklima og ei rekkje lekkasjar frå det indre liv i partiet. Samstundes felte partiets eigne tillitsvalde ein knusande dom over innsatsen til partileiinga i valkampen for fire år sidan, då Senterpartiet gjorde tidenes dårlegaste val.

Steinar Ness og Liv Signe Navarsete

TALSJEKK: Liv Signe Navarsete på valvake måndag kveld. I kommune etter kommune såg ho og 2.-kandidat Steinar Ness at strålande resultat kom inn for Senterpartiet.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

– Angrar ikkje

Med andre ord var det ein kvardag for Navarsete som står i sterk kontrast til det ho opplever no. Den tidlegare leiaren seier at ho er rørt over tilliten folk har gitt henne og paritet.

– Det var så mange lokallag som ønskte at eg stilte til val igjen, så gjorde eg det. Eg gjorde det ikkje for at eg vart tvinga, men eg gjorde det for at eg hadde lyst og fordi eg har noko å gi. Og eg er jo glad for det i dag.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.