Hopp til innhold

Liv Signe droppa sjokoladen og tapte på målstreken

Tidlegare samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp) og Terje Horvei (V) kasta seg ut i kokkekamp mot Hilmar Høl (Ap) og Trond Einemo (H) under årets Lærdalsmarknad.

– Det var utruleg moro. Og veldig kjekt at det kom så mange for å sjå på, trass i regnet, seier Navarsete.

Dei to laga fekk i oppgåve å lage smoothie ved hjelp av eit sett ingrediensar, samt at dei fekk 200 kroner til å handle for på marknaden. Men handlinga måtte skje i løpet av fem minutt.

Sjølve blandinga av drikken skjedde ved at ein av deltakarane tråkka for harde livet på ein sykkel, noko som fekk ein blendar på bagasjebrettet til å blande godsakene.

Trur sjokoladen gjorde susen

– Vi valde å handle honning, aromaeple og ei pære. I tillegg brukte vi både kesam, jogurt, juice, blåbær og bringebær. Men vi droppa sjokoladen. Det meinte vi ikkje var sunt. Ein kan ikkje gå på akkord med integriteten sin, ler Navarsete.

Og det var truleg nett difor Høl og Einemo trekte det lengste strået då vinnaren skulle kårast av juryen, som bestod av ein vaksen og ein unge.

– Eg tippar det var det. Men moro var det lell, seier Navarsete.

– Det er tredje året vi arrangerer kokkekamp, og denne gongen la vi litt krefter i å finne politiske motsetnader til laga. Alle tok utfordringa på strak arm og sa ja. Utruleg sporty gjeng, seier Helene Maristuen, som er prosjektleiar.

Første marknad med regn

Årets Lærdalsmarknad var den 22. i rekkja, og den første med nedbør. Men det la ikkje nokon dempar på stemninga.

– Nei, det var utruleg mange besøkjande. Eg var redd at vêret skulle spele inn, men det har det ikkje gjort. Fleire av salsbuene har endåtil gått tomme for varer, så dette har vore heilt supert, seier Helene Maristuen som er prosjektleiar.

Lærdalsmarknaden og Smak av Sogn samla publikum til både moro og matglede.

Sjølve marknaden tok til allereie torsdag, og i løpet av helga har mange fått sjansen til å delta på både kurs i å lage spekepølse og dampepølse frå "Fjordamat-forfattar" Kari Støfringsdal.

– Det vart så mange påmeldingar at vi rett og slett måtte setje opp eit ekstra kurs, seier Maristuen.

Viktig for bygda

Navarsete rosar gjengen som står bak arrangementet, og peikar på at det er viktig for bygda.

– Vår- og haustmarknaden er eit høgdepunkt. Folk kjem frå nær og fjern på besøk, og det er mange tilreisande, seier Navarsete.

Ho peikar på at Lærdal er både ei bær-, frukt- og grønsaksbygd.

– Marknaden er med på å byggje omdømme. Dei som står bak gjer ein kjempejobb, seier Navarsete.

Held fram på søndag

Det har vore fulle hus på føredrag av både TV-kokk Lise Finckenhagen, bloggar Linda Stuhaug og reiselivsdirektør Ståle Brandshaug med fleire.

Søndag held marknaden fram med mellom anna utdeling av smaksprøvar i Galdane, og guida tur frå Sjurhaugsfossen til Galdane der ein får innblikk i Kongevegprosjektet.

Framme i Galdane blir det markering av arbeidet som er gjort med murane til den gamle husmannsplassen.