Hopp til innhold

Liv og røre på gatematfestival

Det var folksamt på Nordjordeid i dag, der Gatematfestivalen vart arrangert for fyrste gong.

Eid Gatematfestival

STAPPFULLT: Mange ville ete i Eidsgata i dag.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg trur aldri eg har sett så mange folk i Eidsgata før, seier Helene Rasmussen.

Ho var ute med rullatoren sin og tok del i festivalen i Eidsgata i dag. Gata var pynta med vimplar og flagg, og det var godt oppmøte av folk som ville smake forskjellig mat.

– Dette er heilt fantastisk. Det er heilt ville tilstandar her, seier festivalsjef Leon Knapskog, og siktar til mengda folk.

Han kjem frå Eid, er utdanna kokk og har jobba med mat mange plassar i verda. Mellom anna har han vore kjøkkensjef på den norske ambassaden i Paris.

– Vi var ikkje heilt klare for dette

For eit par år sidan flytta Knapskog, som også driv Minibakeriet, tilbake til heimkommunen, og tanken på ein matfestival hadde han med seg allereie då.

Leon Knapskog, Eid Gatematfestival

TRØTT: Knapskog (i midten) trur han har sove fire timar natt til festivalen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

For nokre månader sidan vart idéen til ein konkret plan, då butikkane i gata planla sommaren. Han ville bruke Eidsgata, fordi han meiner det er ei veldig fin gate med flotte hus.

– Det har blitt veldig lite søvn natt til i dag. Eg har baka nanbrød og tortillalefser, og vi har grilla eit heilt lam, seier han.

Han fortel at festivalen har gått over all forventning.

– Det var lange køar i dag. Vi var ikkje heilt klare for så mange folk, vi kunne ha laga meir mat. Men det er kjekt.

– Det er tomt

Knapskog inviterte profesjonelle kokkar til å vere med, som til dømes kjøkkensjef Silje Øygård ved Bien Bar og Restaurant i Bergen, Bente Vonheim frå Kraftstasjonen i Måløy, og Kristoffer Lofnes frå det norske kokkelandslaget.

Men det var ikkje berre profesjonelle kokkar som stilte med bod.

– Eg begynte å bake klokka seks i dag tidleg, så eg er heilt «peste», seier Helene Hjelle, som steikte sveler og kokte kaffi i gata.

Helene Hjelle

MANGE KUNDAR: Det var litt dumt å bli utseld så tidleg på dagen, meiner Helene Hjelle.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det er kjekt, men eg er jo utseld allereie. Eg har laga hundrevis, seier ho.

Ho meiner at ho må lage dobbelt så mykje neste år.

– Det er kjempegøy. Det er sånn vi vil ha det: Masse liv og røre, seier Knapskog.

Sukkerspinn til ti kroner

Dei fire elleveåringane Ida, Emma, Hiida og Julia stod med heimelaga skilt og reklamerte for sukkerspinn.

– Det er masse god mat her, og masse hyggelege folk. Det går bra med salet, også, fortel dei.

Gatematfestivalen, Eid

STAS: Dei fire venninnene hadde det kjekt på festivalen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Dei er einige om at det er stas å tene litt pengar.

– Men det viktigaste er at folk blir glade for det dei får, seier dei.

Festivalsjef Knapskog har allereie begynt å tenke på korleis han skal arrangere festivalen neste år.

– Eg har allereie fått mange spørsmål og kommentarar, så det verkar som om folk har lyst på meir.