Hopp til innhold

Liv og Kaja fekk gå fremst i Lucia-toget

FØRDE (NRK): Førsteklassingane på Slåtten skule spreidde Lucia-stemning med song og lusekattar.

Førsteklassingane laga Lucia-stemning med song og tog

– Nesten heile skulen var og såg på når vi gjekk i toget. Det var fint, men og rart for eg har aldri gjort dette før, seier Liv Gjelsvik Tollefsen (6).

Ho og Kaja Osvoll (6) fekk gå fremst i Lucia-toget på Slåtten skule i dag då førsteklassingane stod for julestemning på sjølvaste Santa Lucia-dagen.

– Vi har gått frå klasserommet heilt fram til det nye grindbygget. Og sunge Lucia-songen mange gonger, forklarar Kaja.

– Rart å ha på seg krone

Dei to førsteklassingane hadde på seg krone pynta med lys og glitter når dei gjekk i toget.

Kaja Osvoll og Liv Gjelsvik Tollefsen fremst i Lucia-toget

LEDA TOGET: Kaja Osvoll (t.v.) og Liv Gjelsvik Tollefsen synest det var fint og litt rart og gå fremst i Lucia-toget.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Det følast som å ha noko å hovudet som ikkje kjem nedanfor øyra, forklarar Liv om korleis det kjennest å ha på krona på hovudet så lenge.

Kaja er einig.

– Det kjennast ut som om eg går med eit panneband som er stivt som isen, meiner ho.

Dei klarte likevel å halde kronene på gjennom heile toget.

Kaja veit dessutan godt kvifor dei feirar denne dagen.

– Vi feirar Lucia-dagen på grunn av ei dame som vart drepen opp på eit bål, fortel ho.

Sjølvlaga lussekattar

Seinare på dagen fekk førsteklassingane ete lussekattar som dei sjølv hadde laga dagen før.

Det likte dei godt.

– Dei smakte veldig godt. Eg har allereie ete to, men eg trur eg må stoppe før eg får vondt i magen, seier Liv.

Men sjølv på Lucia-dagen, må førsteklassingane også gjere vanleg skulearbeid.

– Som for eksempel litt matte. Men eg synest det har vore kjekkare å feire Lucia-dagen enn å gjere matte.

Emily Krogh Frimannslund, Kaja Osvoll, Solveig Ørstavik, Kaja Mathea Jamaris og Liv Gjelsvik

NAM: Til venstre Emily Krogh Frimannslund, Kaja Osvoll, Solveig Ørstavik, Kaja Mathea Jamaris og Liv Gjelsvik Tollefsen kosa seg når dei fekk smake på lussekattane dei hadde laga.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK