Hopp til innhold

Liten storm i kasta stengde Lote-Anda

Ferja MF Årdal går no som normalt mellom Anda og Lote. Ferjesambandet har vore stengd i to timar.

Liten storm Lote ferjekai
Foto: Vidar Isene

Sambandet har ein periode vore stengd grunna liten storm i kasta på fjorden og sterk straum ved kaien på Anda. Ferja har difor lege til kai på Lote og venta på betre vind- og straumforhold.

– Vi gav oss klokka 10.30 og returnerte til Lote. No avventar vi eit par timar og så vurderer vi igjen, sa styrmann på MF Årdal, Ivar Rusten, til NRK klokka 11.

Han seier at dei ikkje hadde venta at det skulle komme vind med slik styrke i dag.

– Det er liten storm i kasta og sterk straum ved Anda, så det vart vanskeleg å legge til på Anda-sida, seier styrmannen.

Lote ferjekai, liten storm
Foto: Vidar Isene