Hopp til innhold

Lite vald i fylket

Sogn og Fjordane er det minst valdelege fylket i landet. Det var berre politimeldt 4,4 valds og mishandlingssaker per 1000 innbyggar i 2016, viser tal frå SSB.

På landsbasis er talet 6,6. Sogn og Fjordane er også fylket som har færrast tjuveri i landet, med 5,6 per 1000 innbyggar. I Oslo var talet 39,5 per 1000.