NRK Meny
Normal

Lite tilskodarar på Fosshaugane

Sjølv om det var 16. mai, kom berre litt over 1300 tilskodarar til kampen mellom Sogndal og Løv-Ham på nye Fosshaugane Campus tysdag. Dette er det dårlegaste tilskodartalet på mange år.

- 16. mai er ein dårelg kampdag for Sogndal fordi vi konkurrerer med dei lokale kampane kringom. Mange av publikum er spelarar på dei lokale laga, så når dei og entusiastane rundt laga er opptekne, så får vi lågare tilskodartal. Difor har vi tradisjonelt søkt om å få sleppe heimekampar 16. mai. Det gjer vi og i tippeligaen, men det er vanskelegare å få til i 1. divisjon, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Yngve Hallèn.

.