Hopp til innhold

Lite snø gir tidleg turistsesong i breheimen

JOSTEDALEN (NRK): I Jostedalen er turistsesongen i gong. Men med mykje mindre snø enn vanleg, fryktar mange ein sommar som vil gå hardt utover Nigardsbreen.

Nigardsbreen

TIDLEG: Turistane har allereie begynt å kome til Nigardsbreen i Jostedalen. Det er tidlegare enn vanleg. (Arkivfoto).

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er tidleg å ha turistar oppe ved breen i byrjinga av mai, konstaterer Steinar Bruheim i Jostedalen Breførarlag.

For det er heilt spesielle forhold ved Nigardsbreen i Jostedalen. Turistane er allereie tilbake, men der møter dei ein isbre som er mindre enn nokon gong. Stor snøsmelting har ført til tidleg vår, også her.

– Å gå heilt inn til breen utan å gå på snø er unormalt. Det trur eg ikkje at eg har opplevd før på denne tida av året, seier Bruheim.

Steinar Bruheim

SPENT PÅ SOMMAREN: Breførar Steinar Bruheim.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Med breen som levebrød

Nigardsbreen er ein av landets mest besøkte brearmar. At sommarsesongen opnar så tidleg som den gjer i år, bekymrar dei som har breen som sitt levebrød.

– Store delar av bretunga er allereie snøfri. Vi er spente på korleis det skal gå, vi ønsker jo at breane framleis skal vere her, seier Trygve Snøtun, dagleg leiar ved Breheimesenteret.

I fjor trekte Nigardsbreen seg tilbake 81 meter. Dersom sommaren i år blir lik fjoråret, kjem breen til å gå endå meir tilbake.

– Mange er avhengige av Nigardsbreen på ein liten stad som dette. Det er synd at snøen smeltar så fort, vi treng den for at breane ikkje skal forsvinne, seier Snøtun.

Trygve Snøtun

BEKYMRA: Dagleig leiar ved Breheimsenteret, Trygve Snøtun, er bekymra for isbreane.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Spent på sommaren

Dei fleste utanlandske turistane planlegg turen lenge i forkant, og kjem uansett vêr og vind. Indiske Gaurav Shelar og Soomal Choudhary er berre nokon av dei som allereie har besøkt Nigardsbreen.

– Dette var den viktigaste stoppen på vegen for oss, fortel Shelar.

Indiske turistar ved Nigardsbreen

FRÅ INDIA: Gaurav Shelar og Soomal Choudhary tok turen frå India til Noreg. Den viktigaste stoppen var Nigardsbreen.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Med mindre snø blir det enklare for Snøtun å vise turistar som Shelar og kona kva dei har å by på i Jostedalen. Men det har sin pris.

– Det er enklare å ta turistane med på aktivitetar når våren kjem så tidleg, men ein varm sommar er dårleg for breane, seier han.

Breførar Bruheim trur turane i sommar skal gå greitt, men familieruta blir for vanskeleg å gjennomføre i år.

– Det er umogleg å seie korleis sommaren blir, men den kraftige snøsmeltinga berre på nokre dagar i april tyder på ein tidleg start på sesongen for dei som vil gå på fjellturar, seier han.

Nigardsbreen

BLÅIS: At det er blåis på Nigardsbreen allereie, er uvanleg.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK