Det har ikkje vore mogleg å få til eit øvingsutval med representantar frå brannvesenet, politet og helsetenesta på fleire år. Dermed er det tilfeldige lokale initiativ til øvingar som avgjer kva type ulykker det i det heile teke blir øva på å takle.
No har Hovudredingssentralen og Justisdepartementet peika på at den kollektive leiinga ved Lokal Redningssentral i Sogn og Fjordane må planlegge kva det skal øvast på.
Øen meiner brann-, politi- og helseetatane no må ta ansvar for eit skikkeleg øvingsopplegg.