Hopp til innhold

Lite pengar til fartyvern

Fylkeskommunen har fått søknad om tilsaman 3,5 millionar kroner til restaurering av gamle båtar. Politikarane har berre 400.000 til fordeling.

I fjor hadde fylket 600.000 kroner til fartyvern. Desse pengane gjekk til M/S Atløy, M/S Stangfjord og galeasen Svanhild. I år er summen redusert til 400.000, og fylkesdirektøren vil fordele pengane på dei same tre båtane.

- Grunnen er at ein må fullføre eit arbeid som er påbegynt, skriv direktøren i si tilråding til Kulturutvalet.

 Båtane som ikkje er innstilt til støtte, er Autolinebåten Haugefisk, D/S Stavenes, M/S Arnafjord, sognejekta Svømmania, M/K Ole og seksæringen Reinen. 

Fylkeskulturutvalet fordeler pengane på møtet onsdag 19. april.