Hopp til innhold

Lite optimistisk etter ministermøte

I dag fekk justisminister Knut Storberget overrekt 10.000 underskrifter frå Venstre i Sogn og Fjordane med krav om det vert oppretta ein redningshelikopterbase i Florø.

Rolf Nesheim

Men aksjonsleiar Rolf Nesheim er ikkje like optimistisk etter møtet, slik fylkesordføraren var då han møtte statssekretæren i går.

- Statsråden var svært tilbakehalden med å love noko anna enn at dei for tida ikkje hadde nokon intensjon om å fjerne basen frå kartet. Men at det var eit monaleg etterslep på investeringar, og at det kosta å drive. Og det måtte han halde seg til før han fann finansiering, seier Nesheim.