Emy Fish i Måløy har berre køyrt ein dag med mottak av makrell, og dei 25 arbeidarane ved mottaket har knapt hatt arbeid dei to vekene sesongen har vara. Dagleg leiar ved Emy Fish, Jon Erik Steenslid, forklarar den låge aktiviteten med høge makrellprisar.
Fiskarane får nemleg svært godt betalt for makrellen dei fiskar like utfor land. Dei siste dagane har det vore kiloprisar over ti kroner. For eitt år sidan var prisen nesten det halve, opplyser Norges sildesalslag.
Kystfisket gir liten fangst
Men medan Emy Fish har vanskar med dei høge prisane, er det mangelen på råstoff som er problemet for Domstein Pelagic, fortel administrerande direktør Gunnar Domstein. Prisane har jo stege fordi det er lite makrell tilgjengeleg, seier han.
Medan Domstein sitt makrellmottak i Selje har hatt aktivitet nesten kvar dag, har det ved makrellmottaket i Måløy berre vore drift to dagar i år. Mange arbeidarar går difor utan jobb og ventar på betre tider.
- Vi har enda ikkje kome noko særleg i gang med produksjonen. Årsaka til det er at det store fiskeriet ikkje har starta enda. Det er kystfisket med små båtar og små fangsta som har gått føre seg no, seier Gunnar Domstein.