Hopp til innhold

Enorm merksemd, men lite kritikk

På eit halvt år fekk storbrannen i Lærdal nær 7000 medieoppslag. Svært få av dei var kritiske.

Hus i full fyr - under storbrannen i Lærdal

STORBRANN: Storbrannen i Lærdal vart ei «fellessak» landets redaksjonar, som sette inn store ressursar på dekninga. I tillegg til fortløpande dekning av brannen, var det fokus på augevitne og råka.

Foto: Jan Erikstad

Måndag kveld vart ordføraren presentert dei kalde fakta om media si dekning av storbrannen i Lærdal. Det er Retriever Norge som har analysert mediedekninga etter at flammane for alvor festa grep om Lærdalsøyri i januar i år.

– Media hadde nokre kritiske vinklingar, mellom anna om rapporten frå året før som reiste problemstillingar. Men den type vinklingar vart lagt daude ganske fort. Dei vart imøtegått og rydda av vegen frå kommunen si side, seier Kristina Nilsen, kunde- og analysesjef hos Retriever.

Kristina Nilsen

ANALYSERT: Kristina Nilsen og Retriever Norge har analysert mediedekninga av storbrannen i Lærdal.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Lite kritisk media

Gjennom analysane sine har Retriever kome fram til at det vart retta lite kritisk søkelys etter brannen. Kritikken som kom vart raskt lagt død.

– Eg trur ein del av årsaka var at det var så stor katastrofe at Norges befolkning hadde medkjensle med Lærdal og innbyggjarane så ein ikkje ynskte å finne noko syndebukk. Ein ynskte heller å finne og dyrke heltane, seier Nilsen.

Sjølv om det var negative saker blant dei nesten 7000 som vart laga, som at kommunen fekk kritikk for dårleg brannførebyggjande arbeid året før, forsvann desse fort ut av mediebiletet

– Vi treng kritiske spørsmål

Marianne Aarethun Rode, som mista huset sitt i brannen, tykkjer det er bra at media ikkje såg etter syndebukkar like etterpå, men at det no er på tide å sette eit kritisk søkelys på kommunen.

– Me trengde ikkje kritiske spørsmål i byrjinga, men akkurat no kan me godt ta ein debatt. Eg trur alle vil kome styrka ut av å våge å vere litt ueinige om ulike ting, seier Rode.

Rode har sjølv kritisert kommunen for å bruke borna til å få støtte.

Ordfører i Lærdal, Jan Geir Solheim, trur på si side at noko av grunnen til at analyseselskapet fann lite negativt om kommunen i media, er at det vart gjort få feil.

– Det var etter mi oppfatning ikkje grunn til å skrive noko kritisk, fordi vi må hugse kva som eigentleg skjedde her. Det var ein enorm brannkatastrofe, og ingen menneskeliv gjekk tapt. Heilskapen i dette biletet er godt.

6629 medieoppslag

Berre det første døgnet var det over 1000 artiklar og medieoppslag i norske medium medan situasjonen utvikla seg og det ikkje var oversikt. I løpet av dei første to vekene var det over 4500 oppslag.

– Her spreidde brannen seg i fleire timar gjennom natta. Vidare var brannårsaka uklar, og det var lite anna som var aktuelt i mediebiletet. Dermed vart fullt fokus retta mot Lærdal, seier Nilsen i Retriever.

Frå brannen starta og ut mai månad, var brannen omtala i 6101 medieoppslag i Norge. På toppa av dette vart katastrofen vidareformidla til utlandet gjennom 528 medieoppslag.

Over 600 personar vart evakuerte i brannen som slukte 40 bygningar. Brannen var den 6. største nyhendesaka i første kvartal i år. Berre uroa i Ukraina gjorde større inntrykk på folk enn Lærdalsbrannen.

– Det er eit veldig stort medietrykk og langt større enn i mange andre samanliknbare saker, held Nilsen fram og viser til storbrannane i Flatanger og på Frøya.

Stolt ordførar

Ordførar Jan Geir Solheim (t.h.)

OVERRASKA: Senterpartiordførar Jan Geir Solheim (t.h.) er overraska over den enorme mediedekninga storbrannen fekk.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) vedgår at pågangen var stor, men at det vart så mange medieoppslag tida under og etter brannen overraska han.

– Eg er stolt over korleis vi samla klarte dette. Eit slikt medietrykk kan ein vanskeleg bu seg på, seier han.

Nilsen seier mange faktorar gjorde at medietrykket vart så enormt på Lærdal. Mellom anna at brannen var uoversiktleg, spreidde seg raskt og at media tidleg fekk bilete frå dramatikken.

– Overraskande bra

Nilsen er positivt overraska over måten Lærdal kommune både stod fram og handterte det enorme medietrykket.

– Det er tydeleg at dei har jobba konsistent, profesjonelt og hatt stor kapasitet til å handtere media. Eigentleg uvanleg profesjonelt til å vere ein så liten aktør med avgrensa tilgang på medietrening og informasjonssressursar, seier ho og rosar ordførar Solheim for måten han stod fram på.

– Ordføraren hadde ei viss medietrening, men samstundes kan det bli litt for drilla og teknisk i måten ein tilnærmar seg media. Slik var det ikkje her. Det var ektekjend empati heile vegen, seier ho.