Dermed er ho heilt avhengig av naboane for å klare seg. Mellom anna greier ho ikkje bere inn ved sjølv, og ho treng hjelp til matlaging og ærend i post og på butikk. Men to timar hjelp i veka rekk ikkje til meir enn litt reinhald.
Fortørna
Hadde det ikkje vore for naboane Gyda og Johannes Bolstad, hadde ikkje 90-åringen klart seg. Gyda Bolstad seier dei meir enn gjerne hjelper den tilårskomne naboen sin. Men ho er fortørna på Luster kommune. Ho meiner dei må gje Heltne meir heimehjelp.
Det verste er likevel at det altfor ofte hender at heimehjelpa ikkje kjem i det heile, seier Bolstad.
Nok hjelp
Soneleiar i Luster, Milly Velthuijs, vil ikkje kommentere den konkrete saka ut over at Heltne får nok hjelp.
– Hjelpa er forsvarleg etter mine vurderingar, seier soneleiaren.
Velthuijs seier at i utgangspunktet skal ikkje hjelpetrengande vere avhengige av gode naboar utan at det er gjort spesiell avtale om det.