Det syner ein rapport utarbeidd for dei fem kommunane. Rapporten undersøkjer eit svært omfattande samarbeid mellom kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen. Utgreiinga har sett på konsekvensane av felles administrativ leiing, samarbeid om barnevern, teknisk etat, næring, landbruk, kultur, miljø og økonomi.
Harry Mowatt
Myter
Leiar i Hafs regionråd, Harry Mowatt, seier at det kan sparast 1,9 millionar kroner, pengar som skal fordelast på fem kommunar.
– Økonomien i dette er så beskjeden at ein nesten kan sjå vekk frå det, seier Mowatt.
– Det er ein aukande tendens til å strø om seg med myter og direkte feilinformasjon som direkte råkar kommunesektoren, meiner Mowatt, som trur kommunalminister Erna Solberg ville ha nytte av å sette seg inn i denne rapporten.
Arve Helle
Andre fordeler
Også ordførar Arve Helle i Fjaler hadde venta større innsparingar enn det som kjem fram i rapporten, sjølv om han har tru på at det er meir å tene på samarbeidet etterkvart. Dessutan peikar han på at samarbeidet har andre fordeler som ikkje berre handlar om økonomi.
– Vi får ikkje den effekten av kommunesamanslåing med den geografien vi har som ein vil kunne få i tettbygde område. Fem Hafs-kommunar med eit innbyggartal på til saman 11 000 dekkjer eit område på storleik med Vestfold fylke der det bur 220 000 innbyggjarar. Det seier seg sjølv at innsparingane vil kunne bli mykje større der, seier Helle.
Høgre vil gå lenger
Asle Fedøy, leiar i Askvoll Høgre, hadde gjerne sett at forprosjektet gjekk endå lenger. Han ville også ha vurdert samla skule- og helseadministrasjon. Også han er skuffa over at det syner seg at innsparingane er så små, men ønskjer å gå vidare med samarbeidet.
– Vi er vande med å takle ein vanskeleg geografi i Askvoll, men dei tenestene som innbyggjarane skal oppsøke personleg må vera slik at folk kan nå dei innan rimeleg tid, seier høgreleiaren.