Hopp til innhold

Litauar omkom i ekstremsportulukke

Det var 32 år gamle Deimantas Junokas frå Litauen som omkom i Aurland laurdag. Litauaren dreiv med såkalla speedriding, ei form for paragliding der ein flyg nærare bakken, då han trefte eit hustak for deretter å ramle ned.