Hopp til innhold

Lita interesse for hybridfelgen

Det er liten interesse for hybridfelgen frå konkursråka Fundo i Høyanger.

Hybridhjulet som vert utvikla ved Fundo i Høyanger.
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Hybridfelgen er patentet på ein ny og lettare felg som mange har håpa skulle vere framtida i dei no tome fabrikklokala.

Vanskeleg med lønsam produksjon

Direktør i Innovasjon Norge Halvor Flatland trur at det neppe vert meir felgproduksjon i Høyanger.

- Det er svært vanskeleg å få til lønsam felgproduksjon i Høyanger. Vi er der akkurat no at vi ikkje har fast fisk på det området. Så førebels vil eg tru at det er lite sannsynleg at vi produserer felgar i Høyanger i framtida.

Hausa opp ?

Fundo

Fundo sine lokale

Foto: Cosmin Cosma, NRK

Interessa for den mykje omtalte hybridfelgen i Høyanger kan vere hausa opp.

Det unike patentet var rekna som framtida til konkursråka Fundo , og håpet har vore at nye interessentar ville kjøpe patentet og satse på industriutvikling i Høyanger, som tapte over 300 arbeidsplassar i vinter då Fundo Wheels gjekk over ende.

Sjå også Hybridfelgen kan hamne i Kina

No må snart Innovasjon Norge ta stilling til om dei i staden vil tøme og selje fabrikklokala på 21.000 kvadratmeter.

- Vi har sagt at vi treng eit halvt år for å få ting på plass. No har det gått nokre månader. Eg trur nok det at viss vi ikkje nærmar oss noko når vi har lagt bak oss ein månad til, så kan vi seie noko meir, seier Flatland.

Tap

Sjølv om patentet på hybridhjulet er klart, er det ei stor utfordring at maskinene som skal produsere den todelte felgen ikkje fins. For å få dei må meir pengar til.

Innovasjon Norge har omlag seksti millionar kroner uteståande i konkursbuet til Fundo. Fleire titals millionar av desse har gått til å støtte utviklinga av hybridhjulet. Spørsmålet no er om Innovasjon Norge har investert i katten i sekken.

- Det gjenstår å sjå. Det kan godt hende at det skjer. I så fall vil det vere ein del bortkasta pengar. Vi trur vel at det er nokon som vil ha dette, men førebels har vi ingen klare enda.