Hopp til innhold

«Listhaug må gå dersom Stortinget endrar tilbodet»

Dersom landbruksminister Sylvi Listhaug vert overprøvd i Stortinget må ho gå av. Det seier Anders Felde, leiar i Breim Bondelag.

Anders Felde

AKSJON: I morgon skal Anders Felde og over 100 bønder frå Sogn og Fjordane aksjonere i Oslo. Her frå ein aksjon på Breim førre veke.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dersom Stortinget går inn og endrar det tilbodet, føler eg at det er ein klar mistillit til Listhaug. Då tykkjer eg ho bør gå.

Felde er svært opprørt over tilbodet staten kom med i jordbruksforhandlingane. Staten tilbaud opphavleg 150 millionar i netto inntektsvekst, langt unna dei 1,5 milliardane bøndene kravde. Det enda med brot i forhandlingane.

Slaktar eit tilbod han sjølv hadde tent pengar på

Anders Felde eig ein velstelt og topp moderne samdriftsfjøs saman med fleire andre bønder på Breim i Gloppen kommune.

Felde og kollegaene driv så stort at dei samla sett vil tene om lag 100.000 kroner på FrP-landbruksminister Sylvi Listhaug sitt tilbod.

– For meg isolert sett så vil eg tene brukbart med pengar. Samdrifta her vil tene brukbart med pengar på drifta. Men gjennomsnittsbonden i Sogn og Fjordane, og fleirtalet av norske bønder, vil få mindre. Vi store vil få så mykje, mykje meir, seier han.

Han seier det vil verte langt færre bønder dersom tilbodet frå staten skulle verte ein realitet.

– Vi ønsker ikkje at det skal vere 13 bønder i Sogn og Fjordane, for å ta eit tilfeldig tal. Vi ønsker å behalde den strukturen som er i dag, med mjølkeproduksjon spreidd over heile fylket og heile landet. Det er det denne kampen i står om.

Meiner bøndene må presse sentrumspartia

Felde håpar både Venstre, KrF, Arbeidarpartiet og Senterpartiet går saman på Stortinget for å gje bøndene eit langt betre tilbod. Minst 300 friske millionar må på bordet, meiner Felde.

– No må vi i Sogn og Fjordane jobbe steinhardt, spesielt inn mot Venstre. Venstre er det politiske partiet på riksplan der Sogn og Fjordane har størst påverknadskraft.

– Vi må leggje all vår kraft inn mot at Venstre skal vere med på å endre det tilbodet i Stortinget.

– Kva med dei andre partia?

– Sjølvsagt. Det står på KrF og Arbeidarpartiet også. Vi må forvente at dei går inn og endrar det tilbodet staten har kome med til oss bøndene.

Fråsegn frå dei raudgrøne partia på Vestlandet

Dei tre raudgrøne partia i Vestlandsrådet, som er eit politisk samarbeidsråd for dei fire vestlandsfylka, vedtok i ettermiddag ei fråsegn som protesterer mot tilbodet frå regjeringa.

– Tilbodet er dramatisk for landbruket, seier fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp).

Ho sit i Vestlandsrådet saman med topp-politikarar frå alle parti på Vestlandet. I fråsegna skriv Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet mellom anna at:

"(Det er) feilslått landbrukspolitikk å redusere inntektsmoglegheitene for det store fleirtalet av våre bønder. Landbruksoppgjeret må innrettast slik at det er mogleg å drive lønnsamt landbruk i heile landet."

Fråsegna kjem etter eit felles forslag frå bondeorganisasjonane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Følling seier at Venstre og KrF sine representantar ikkje var til stades på møtet.

Forstår at det statsstøtta er under lupa

Leiar i Breim Bondelag, Anders Felde, er krass i kritikken mot landbruks- og matminister Sylvi Listhaug.

– Ho uttaler seg som ho ikkje har respekt for oss bøndene, som vi er mindre verdt enn vanlege folk. Det godtar eg ikkje. Det har provosert meg. Det gjer at ho tek frå meg motivasjonen. Det er nesten det verste, seier han.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug ynskjer ikkje å kommentere denne saka.

– De bønder får store summar i statsstøtte. Slik sett er det kanskje ikkje så unaturleg at det vert søkelys på statsstøtta, og at enkelte ynskjer å redusere ho?

– Nei, det er ikkje rart. Vi må tole at folk ser på det. Det som er klart er at vi representerer den største fastlandsindustrien i Noreg. Det er dyrt og vanskeleg å produsere mat i Noreg. Men det er også svært viktig å produsere norsk mat til eiga befolkning, svarar Felde.

I morgon reiser han til Oslo saman med åtte bønder frå Breim og over 100 frå Sogn og Fjordane.

– Vi vert fleire tusen bønder frå heile landet som skal aksjonere i Oslo. Det kjem til å verte ei stor markering, spesielt ovanfor Stortinget og regjeringa, om kva vi krev at dei gjer vidare.

Sjå TV-sak frå Vestlandsrevyen:

Reiser til Oslo i bondeaksjon for andre gong på to år

Reporter: Sindre Sunde Tveit. Foto og redigering: Arne Stubhaug.