Hopp til innhold

– Listhaug er ein ulv i fåreklede

SKEI (NRK): Kritikken av regjeringa var ikkje beskjeden, då KrF si unge stjerne opna fylkesårsmøtet til partiet i Sogn og Fjordane laurdag. Kven partiet vil samarbeide med er likevel uklart.

Tore Storehaug i KRF

FØRSTEKANDIDAT: Tore Storehaug (25) frå Flokenes i Askvoll er KrF sin førstekandidat i Sogn og Fjordane. Han opna fylkesårsmøtet med ein tale som forsamlinga tok imot med ståande applaus.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Når Sylvi Listhaug kritiserer KrF for å ikkje ta verdiane sine på alvor, medan ho sjølv står for ein politikk med aktiv dødshjelp, ein meir liberal alkoholpolitikk, vil kutte bistand og strammar inn asylpolitikken slik at det rammar asylborna. Det synst eg er veldig alvorleg.

Slik reagerer KrF i Sogn og Fjordane sin førstekandidat, Tore Storehaug (25), på FrP-statsråden sitt forsøk på å kapre dei meir konservative kristne veljarane, og kallar ho ein ulv i fåreklede under sin opningstale laurdag.

Sylvi Listhaug med krossmykke

KROSS: Frp sin Facebook-kampanje etter at Listhaug vart skulda for å bruke eit smykke som politisk verkemiddel

Foto: Skjermdump Facebook

– Kva tenkjer du om Listhaug sin bruk av eit krossmykke?

– Det kunne ein sikkert sagt mykje om, men Listhaug vart feilaktig kritisert. Det eg ikkje likar er korleis Frp har svart på påstanden om politisk motivert krossbruk ved å i ettertid gjere nettopp det; gjere smykkesaka til politikk.

– KrF har jo tidlegare mista veljarar til Frp. Har ikkje Frp ein kristen politikk?

– Det er ein del år sidan vi mista veljarar til Frp. Og så skal eg vere forsiktig med å seie at noko er meir kristent enn noko anna.

Heller Høgre enn Arbeidarpartiet

Samtidig som partileiar Knut-Arild Hareide brukte store ord for å hylle Høgre frå talarstolen på deira landsmøte i dag, fekk regjeringspolitikken gjennomgå på fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane.

Både familie-, skule-, flyktning- og landbrukspolitikken til regjeringa fekk kritikk. Likevel går ikkje Storehaug, i likskap med Hareide, inn for noko skilsmisse med Høgre.

– Vi oppfordrar Høgre om å trekkje mot sentrum. Samtidig avviser eg ikkje nokon samarbeid med Arbeidarpartiet. Det må handle om kva politikk ein kan få til, ikkje kven ein skal samarbeide med.

Fylkesårsmøte i KrF

FYLKESÅRSMØTE: Sogn og Fjordane KrF vedtok fleire ulike resolusjonar, men tok ikkje stilling til samarbeidsalternativ i ei mogleg ny regjering i år.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Skal ikkje veljarane få vite om KrF vil samarbeide med Høgre eller Arbeidarpartiet?

– Vi er open om vårt førsteval, som er sentrum og Høgre. Det syns eg er ein ryddig måte å gjere det på.

Vil bort frå ytterfløyene

Målet til KrF er å unngå ei regjering med Frp eller SV.

– Ytterpunkta veks fram i Europa, og grupper vert set opp mot kvarandre. Vi treng eit regjeringsalternativ som er samlande på midten.

Storehaug la også inn eit godt ord for Miljøpartiet Dei Grøne i sin tale til fylkesårsmøtet.

– Dei har vore ei forfrisking i norsk politikk, og er driven av verdiar og idear. Det er ein radikalitet som eg kjenner meg igjen i. Likevel syns eg det er noko uklart kva menneskesyn partiet har, seier førstekandidaten.

Laster innhold, vennligst vent..