Hopp til innhold

- Det likna på ein UFO

Denne artige skya sklei før helga over himmelen på Jølster.

Rund sky

Denne skya var før helga åleine på himmelen over Jølster. Den har mange fellestrekk med folk si oppfatning av ein ufo.

Foto: Privat

- Den var heilt åleine på himmelen og såg akkurat ut som ein UFO, ler fotografen som fann det best å forevige skya.

Snodig sak

Det var like før mørkre senka seg at fotografen vart merksam på skya. Dei siste solstrålane for dagen gav skya ein fin raudfarge.

- Eg såg skyggen på «undersida». Og det såg ut som om «ufoen» var delt i to. Det var ei snodig sky, ler tipsaren.

Ein annan lesar fortel at skya er ein typisk «lenticularis». På folkemunne heiter den linsesky eller bølgjesky.

Kva seier eksperten?

For sikkerheits skuld tek vi ein telefon til meteorologen. Kva er eigentleg dette for noko?

– Eg er einig med fotografen. Dette liknar på ein UFO. Vi får faktisk ofte slike besøk frå verdsrommet, seier meteorolog Erik Hagemark spøkjefullt.
Men han har sjølvsagt også ei rasjonell forklaring på det heile.

Vind og fukt lagar sky

– Det som er så spennande med skya, er at den ser ut til å henge laust i lufta. Men det er eit fjell under, og det forklarar.

Hagemark går ut frå at det var vind i området når bildet blei tatt. Han forklarar at lufta pressast opp på grunn av fjellet, og blir kaldare. Dermed blir vassdropane i lufta avkjølte og omdanna til ei sky.

– Om det ikkje var nok fukt, ville vi ikkje fått noko sky.

Når lufta har kome seg over den vesle fjelltoppen, beveger den seg nedover att. Fukta vender tilbake til sin opphavlege tilstand – og dermed er det også slutt på skya.

– Det ser ut til at skya ligg stille, men i røynda bles det godt rett gjennom ho. Ny fukt blir heile tida tilført, og på den måten opprettheld skya seg sjølv.

I mange fasongar

Fordi vi har mange fjell i Noreg, er desse skyene vanlege, legg meteorologen til. Nokre gongar ligg linseskyene på rad og rekkje. Nokre gongar veks dei høgt oppover. Andre gongar er dei små, søte og veldig einsame – akkurat som denne skya i Jølster.

Har du morosame bilete? Tips oss .