Hopp til innhold

Linja Håvard og Erlend går på skal stengast

FLORØ/DALE (NRK): Berre tre år etter oppstart skal linja for brønnteknikk på Flora vidaregåande skule stengast igjen. Mangel på læreplassar er grunnen.

Håvard Hunvik og Erlend Kjosaas på Flora VGS

TRIST: Håvard Hunvik og Erlend Kjosaas synast det er trist at brønnteknikk-linja skal stengast. I staden for å leggja ned brønnteknikk i Sogn og Fjordane, føreslår elevane eit tilbod som er spreidd utover landet, med færre elevar i kvar klasse.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Linja gjev eit godt tilbod og mange moglegheiter. Olja vil ein dag komme opp igjen, og då er det synd om elevar i Sogn og Fjordane ikkje har dette tilbodet, fortel elev Håvard Hunvik.

Fylkesleiar for opplæring, Bekka Skaasheim, fortel at dei på brønnteknikk i Florø ikkje søker etter elevar neste skuleår grunna mangel på læreplassar. Om og kva tid linja kan opne igjen, er usikkert.

– Det vil alltid bli vurdert kva slag tilbod som skal lysast ut igjen seinare, og det er eit politisk vedtak som legg grunnlaget for det, seier Skaasheim.

Dei kunne heller hatt færre elevar i klassane og tilbodet meir spreidd utover landet

Håvard Hunvik

Hunvik forstår ikkje kvifor brønnteknikk-linja i akkurat Sogn og Fjordane må stengast.

– Dei kunne heller hatt færre elevar i klassane og tilbodet meir spreidd utover landet.

Håpar på ein vriding

Alle elevane i brønnteknikk-klassen gjekk første året på teknikk og industriell produksjon (TIP). Til neste skuleår har 176 søkt TIP som førsteval i Sogn og Fjordane. Det er 19 færre enn i fjor.

Ein nedgang i søkartala er bra grunna mangelen på læreplassar, meiner fylkesdirektøren for opplæring.

– Det er ønskeleg at det skjer ei vriding til dei bransjane som har læreplassar, seier Skaasheim.

Erlend Kjosaas på Flora VGS

FØLG VILJA: Erlend Kjosaas meiner at elevar ikkje må søke på ei yrkesretning dei ikkje vil berre fordi det er lett å få læreplass. Ein må heller gå den vegen ein har lyst til.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Erlend Kjosaas på brønnteknikk meiner derimot at elevar skal søke på den yrkesretninga dei vil gå.

– Er det ikkje bra at det er nedgang i søkartala, slik at færre står utan læreplass?

– Då blir ein eigentleg tvinga til å gå ein veg ein ikkje har lyst til å gå. Det blir dumt om dei som ønsker å gå TIP må studere noko dei ikkje ønsker fordi det er for lite læreplassar, seier Kjosaas.

Fleire søkarar enn plassar

På Dale vidaregåande skule er situasjonen med søkarar og læreplassar ganske annleis enn på andre skular i fylket. På teknikk og industriell produksjon er det fleire søkarar enn det er plass til.

Andrè Norstrand, Silje Atterås, Sondre Haugen og Mathias Herland i verkstaden på Dale VGS

GASSVEISING: TIP-elevane André Norstrand, Silje Atterås, Sondre Haugen og Mathias Herland testar gassveising i verkstaden på Dale VGS.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

I staden for brønnteknikk tilbyr Dale industriteknologi på vg2. Elev Sondre Haugen trur det er mange søkarar til linja fordi TIP-elevar frå Dale vidaregåande skule får læreplass.

– Skulen har eit godt rykte på seg når det gjeld læreplassar. Dei fleste som går her får læreplass.

Sondre Haugen i verkstaden på Dale VGS

FÅR LÆREPLASS: Sondre Haugen trur det er mange søkarar til TIP-linja på Dale fordi dei fleste elevane får læreplass.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Rektor Gro Fivelsdal fortel at skulen gjer elevane bevisst på at det er dei sjølv som skal kvalifisere seg til læreplass.

– Ein får ikkje læreplass, men ein skal skaffe seg den.

Rektoren trur den gode søkinga til TIP-linja vil halde fram.

– Tradisjonelt har det vore god søking til denne linja hos oss, og det ser ut til å fortsette, seier Fivelsdal.