Linedancefeber under Countryfestivalen

BREIM (NRK): Norsk Countrytreff i Breim leverer cowboystemning år etter år. For nokre er det linedance som er det gjævaste med festivalen.

Linedance på breim

COWBOYSTEMNING: Og det blir det sjølvsagt ikkje utan linedance.

Foto: Henrik Agledal / NRK

Sjå bilete frå countryfestivalen fredag nedst i saka

– Vi lever for countrymusikk og linedance.

Lasse Lerum og hans gjeng med linedansarar tek mykje plass framfor scena under countrytreffet i Breim. Og det har dei gjort i fleire år.

– Vi er ei salig blanding frå heile landet, og vi har hatt eit opplegg i mange år. No har vi samla folk frå Grimstad til Nord-Noreg. Då er det kjekt å kunne ha ei oppvisning her på Countrytreffet.

Lasse Lerum

DANSELØVE: Lasse Lerum og linedanserane skapar liv i Breim.

Foto: Henrik Agledal / NRK

Og sjølv om det er linedansen som er hovudfokuset, så finn dei andre gleder ved festivalen i Breim.

– Det er ikkje berre musikken og dansen som lokkar. Å få samla gjengen og nyte festivallivet på Campen er minst like viktig.

– Held meg unna dansinga

Men, ikkje alle kan vere like oppteke av dansinga.

– Eg veit ikkje om linedance er mi sterkaste side!

Det fortel Atle Justad, som har teke turen til Breim frå Sotra. Men, at han nyt musikken og dansinga frå tilskodarplass, kan han bekrefte.

– Det er heile folkelivet og kulturen som er så bra. Og musikken sjølvsagt, eg er kjempeglad i country.

Atle Justad

HELD SEG PÅ BENKEN: Atle Justad let seg ikkje freiste til ein svingom.

Foto: Henrik Agledal / NRK

Justad har teke turen til Countrytreffet for åttande gong, og skryt stort av arrangementet.

– Dei er kjempedyktige. Maten er god, artistane er kjempeflinke. Sjølv om det ikkje er verdsstjerner, så er musikken kvalitativ god. Samstundes er det kjempekjekt å få oppdage nye norske band.

– Linedance er for alle

Lasse Lerum og hans dansecrew hevdar derimot at linedance er alle si sterke side, til og med Justad frå Sotra.

– Det som er med country og linedance er at alle kan delta. Eg trur mange kan finne ein plass i countrien.

Sjølv starta han roleg med dansinga tilbake i 2001. Sidan har han aldri sett seg tilbake.

– Karrieren mi på Breim starta tilbake i 2001. Då fekk eg lukta for Linedance, og møtte samstundes kona mi. Vi dansa mykje, men vart ikkje saman før i 2005. Vi fann ut at det var best å slå kreftene saman!

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.