Linda Eide blir ein fleire foredragshaldarar på Fagdagen på Sogndal Filmfestival i mars. Alle kjem frå toppnivå i norsk film/TV-produksjon.
Det er 3. klasse Media og Kommunikasjon på Sogndal vidaregåande skule som kvart år arrangerer Sogndal Filmfestival. I tillegg til fagdag, blir det gallakveld med prisutdeling. Dei ønskjer difor at du sender inn den beste kortfilmen din.
Drivande god forteljar
POPULÆR DAME: Linda Eida har blitt kåra til beste programleiar på TV.
Foto: Kristin Helgeland Hauge / NRKLinda Eide vart kåra til årets beste programleiar på TV under Gullruten 2012, som er TV-bransjen si årlege kåring av dei beste TV-programma.
– Ho framstår som ein drivande god forteljar, med stor originalitet, journalistisk snert og kreativitet. I tillegg brukar ho humor som verkemiddel, skriv Sogndal Filmfestival i ei pressemelding.
- LES OGSÅ:
– Eit kvalitetsstempel
Festivalsjef Synne Asheim Haga i Sogndal Filmfestival seier seg veldig glad for at Linda Eide kjem til fagdagen som foredragshaldar.
– Linda har lovd eit spesiallaga foredrag om arbeidet med Norske Attraksjoner, seier Haga.
I fjor hadde Sogndal Filmfestival Kon Tiki som tema med produsent Aage Aaberge – noko som vart lagt merke til.
– Det at vi får så gode og kjende foredragshaldarar med interessante tema, set eit kvalitetstempel på Sogndal Filmfestival seier ho.
- LES OGSÅ: