Hopp til innhold

Likhundar til Årdal

I kveld kjem det to likhundar til Årdal for å leite etter den sakna Charlotte Moene.

Søk med undervasskamera i Årdalsvatnet

Miniubåten skal leite i Årdalsvatnet fram til onsdag. Dette biletet er frå eit søk tidlegare i sommar.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Også søndag vart det leita i Årdalsvatnet med miniubåt  - utan resultat. Søket held fram i dag.

 

Fredag var siste dag politiet og det offentlege stod for leiteaksjonen etter 17 år gamle Charlotte Moene.

- Laurdag og søndag har det vore søkt med miniubåt i Årdalsvatnet, men vi har ikkje funne noko, seier Helge Rørvik, som er koordinator for den private leiteaksjonen.

Aksjonen vert finansiert av pengane handballvenane tok initiativ til å samle inn. Til saman har det vore 800 000 kroner tilgjengeleg til leiteaksjonen. No brukast mykje av dei pengane på å finansiere bruk av miniubåt. Det kostar 60 000 kroner per dag å bruke den. Tysdag vert det også sett inn hundar i søket etter Moene.

- Vi er lova at det skal kome to hundar måndag kveld. Dei vil vi bruke saman med miniubåten, seier Rørvik.

Ubåten vil berre vere i Årdal til og med onsdag. Då må den vidare på andre oppdrag. Hundane vil vere i Årdal tysdag og onsdag.