Men regjeringa vil gjere unntak for grendaskuler, stadfestar avdelingsdirektør i Utdannings- og forskingsdepartementet, Jan Eilertsen.
40 skular blir stansa
Tysdag vart det klart at regjeringa ynskjer å stanse det dei kallar ein ukontrollert vekst i friskular. Dersom kunnskapsministeren får det som han vil, kan omlag 40 friskular som alt er godkjende, men enno ikkje kome i gang, bli stoppa. Det same gjeld søknader frå 100 skular som ikkje er ferdig handsama.
Såg ut til å måtte gi opp
I Fjærland ynskte foreldra å etablere ein privat ungdomsskule slik at elevane skulle sleppe å pendle til kommunesenteret Sogndal når skulen blir lagd ned frå hausten av. Søknaden var send til departementet, men med dei nye innstrammingane frå regjeringa såg det ute til at foreldra måtte gje opp planane. Men skulen i Fjærland fell truleg inn under definisjonen av grendaskule, som regeringa vil gjere unntak for.
Framleis håp om start til hausten
Forslaget frå regjeinga skal no ut på høyring, og lovforlaget vil vere klart til våren. Blir unntaket for grendaskule oppretthalde, kan søknaden om privatskulen i Fjærland bli handsama alt før sommaren og dermed sikre start til hausten, slik planen var.