Likevel asylmottak på Jølster

Norsk Mottaksdrift får likevel starte opp mottak for mindreårige, einslege asylsøkjarar på Skei i Jølster. – Eg er ikkje imponert av behandlinga av saka frå UDI si side, seier ordførar Oddmund Klakegg (Sp).

Livsmeistringssenteret - tidl. HV10 på Skei

MOTTAK: Det tidlegare livsmeistringssenteret på Skei i Jølster skal likevel få huse einslege asylsøkjarar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er klart etter at mottaket som opprinneleg var tildelt Lund i Rogaland , ikkje blir noko av.

– Vi måtte trekkje tildelinga i Lund fordi ein ikkje har naudsynte løyve. Det er ikkje gjort bruksendring i bygget som var tenkt til mottak for einslege asylsøkjarar, stadfestar regiondirektør Atle Berge i UDI overfor NRK.

Inntil 30 bebuarar

Atle Berge

GJORT OM: Atle Berge, regiondirektør i UDI, seier dei vart overraska då det viste seg at bygningen i Rogaland likevel ikkje var godkjend for drift av asylmottak.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Dermed går tildelinga til nummer to på lista, som var Norsk Mottaksdrift sine planer på Skei i Jølster . Mottaket med inntil 30 plassar kan gje 12 nye arbeidsplassar i kommunen med kring 3.000 innbyggjarar.

Mottaket blir det andre i kommunen. På Vassenden er det allereie eit mottak med nær 100 bebuarar.

– Det er behov for desse plassane, og ein hadde tenkt å vere i gang i byrjinga av mars. Det går ikkje. Vi må ta omsyn til Norsk Mottaksdrift og kommunen sine førebuingar, men midten av april kan vere ein dato som er aktuell for oppstart, seier Berge.

– Alt må vere i orden

Berge seier at advokatar har vurdert vurdere om ein kan trekkje tildelinga i Rogaland, og gje denne vidare til Jølster.

– Er det ikkje berre å vente til ei eventuell bruksendring er gjennomført?

– Nei, det står tydeleg at alt det formelle skal vere i orden ved tildeling. Samstundes er det også ein del ting som ikkje er oppklara ved bygget i Lund. Til dømes kloakkutsleppet som var dimensjonert for færre personar enn det er behov for.

– Ikkje imponert

Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) fekk beskjeden i går og allereie i dag er det møteverksemd på kommunehuset for å ta til på utfordringane dei no står overfor.

Han er ikkje imponert over måten tildelinga er gjort på. Første anbodsrunden vart avlyst grunna feil. Då den vart gjennomført vart tildelinga no omgjort.

Oddmund Klakegg

UTFORDRINGAR: Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) seier kommunen no står føre utfordringar. – Vi har ikkje norsksenter i Jølster og leiger plassar i Førde. Der er kapasiteten sprengt. Så er det ein viss reiseavstand frå Skei til Førde. Det er den første utfordringa vi må løyse, seier han.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det har vel noko med kvalitetssikring av anbodsprosessane dei køyrer, seier Klakegg.

– Skal klare det

Det er blanda kjensler til eit nytt mottak på Jølster. Nokre tykkjer det er positivt både med arbeidsplassane og bruk av det tidlegare HV10-bygget på Skei.

Innbyggjarar meiner det er utfordrande å få mottaket som nabo, medan andre peikar på at den vesle kommunen allereie har eit mottak som skal følgjast opp.

– Det er ein del praktiske ting som må komme på plass, men eg trur vi skal klare å løyse dei utfordringane, meiner Klakegg.