Hopp til innhold

Talet på ulukker det same som i 2013 - tal drepne gjekk ned frå 12 til ein

I 2014 miste berre eitt menneske livet i vegtrafikken i Sogn og Fjordane. Det er det lågaste talet sidan Trygg Trafikk starta med offisielle statistikk i 1977.

Dødsulukke med vogntog

EIN OMKOMEN: Sjåføren av eit vogntog som køyrde av E16 i Aurland var den einaste som miste livet i vegtrafikken i Sogn og Fjordane i 2014.

Foto: Arne Veum

2014 vart dermed ein kontrast til året før når det gjeld talet på trafikkdrepne. For i 2013 var det 12 som omkom på vegane i Sogn og Fjordane.

Men talet på trafikkulukker med personskade og talet på skadde personar er så godt som identiske dei to åra. I dei 11 første månadene i 2013 var det 95 ulukker med 128 skadde personar, i same perioden i 2014 var det 93 ulukker med 128 skadde personar.

Audun Heggestad

HÅPAR PÅ NULL I 2015: Fylkessekretær Audun Heggestad i Trygg Trafikk.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Når talet på omkomne likevel blir så ulikt kan det ha mange grunnar, seier fylkessekretær Audun Heggestad i Trygg Trafikk.

– Det handlar ein del om tilfeldigheiter, men vi veit at det er tryggare på vegane, med sikrare bilar, folk er flinkare til å sikre seg og spør meir etter tryggleik. Då må gevinsten kome ein gong. Men så lenge vi er ute og køyrer og kan møte andre bilar så er risikoen der.

– Historisk lågt tal

Heggestad greier ikkje å finne noko år med så lågt dødstal sidan Trygg Trafikk starta med sine statistikkar i 1977.

– Det lågaste talet vi har registrert tidlegare er to drepne i 2002, det høgaste er 18 i 1980. Det er eit historisk veldig lågt tal i 2014. Vi hadde håpa på null, og det såg lenge ut til å halde, men så kom den eine dødsulukka 12. desember.

Også på landsbasis var det ein stor nedgang i talet på trafikkdrepne, frå 187 i 2013 til 152 i 2014.

Håpar på null omkomne i 2015

No håpar Audun Heggestad at nullvisjonen blir oppfylt i 2015.

– Vi håpar at ingen kjem til å omkomme i trafikken i Sogn og Fjordane i 2015. Folk bør halde fartsgrensene, bruke bilbelte, køyre rusfritt, vere merksam og til stades og tenke tryggleik overalt når ein er ute på vegane.