Hopp til innhold

Like etter går bombealarmen på Old Trafford

Martin Sva Wergeland poserte stolt framfor farens kamera på Old Trafford. Kort tid etter måtte 10-åringen innsjå at draumen om å sjå Manchester United spele, ikkje vart noko av.

Martin Sva Wergeland på Old Trafford

JULEPRESANG: Martin Sva Wergeland hadde i månadsvis sett fram til å sjå favorittlaget.

Foto: Tom Christan Wergeland

– Vi hadde akkurat sett oss ned då vi ein halvtime før kampen fekk beskjed på høgtalaranlegget om «Code Red», fortel Tom Christan Wergeland til NRK.

Tom Christian Wergeland

GUTETUR: Pappa Tom Christan Wergeland inne på Old Trafford medan det framleis var grunn til å smile.

Foto: Privat

Sogndølen og kameraten Geir Kåre Resaland hadde tatt med kvar sin son på førstereis til Manchester United si storstove Old Trafford. Men like før årets siste heimekamp, mot Bournemouth, skulle starte klokka 16.45, gjekk bombealarmen.

Vart sitjande

– Vi såg at tribunen vart tømt for folk på West og North End. Det kom mange beskjedar om at vi måtte bli sitjande på South og East End. Halve tribunen vart evakuert, mens vi blei sitjande. Vi venta ein halvtime-times tid. Då gjekk rykta på internett om at kampen var avlyst grunna bombetrussel, fortel Wergeland.

Ein mistenkeleg pakke på North Stand fekk alarmen til å gå. Etter kvart vart det klart at kampen ikkje vart utsett, men avlyst. Mens politiet og bombehundar tok over tribunen, vart publikum evakuerte.

– Det er tragisk, men det er jo enda godt at det ikkje har gått av noko bombe, seier Wergeland på telefon frå utsida av stadion.

Bombehund Old Trafford

BOMBEHUND: Ein spesialtrent politimann med bombehund søkjer langs tribunen på Old Trafford.

Foto: Jason Cairnduff / Reuters

Skuffa smågutar

Han fortel at dei har hatt ei strålande helg med både godt vêr og opplevingar i kø for gutane på sju og 10 år. Likevel vart det tungt å fordøye at kampen gjekk fløyten.

Martin Sva Wergeland utanfor Old Trafford

SKUFFA: Her har 10-åringen innsett at det ikkje blir noko kamp i Manchester. I bakgrunnen ser ein eit stort politioppmøte utanfor Old Trafford.

Foto: Tom Christian Wergeland

– Dei er leie seg og gret. Men vi har hatt ei strålande opplading til kampen med omvising på Old Trafford, møtt dei tidlegare spelarane Lee Martin og David May, og fått signerte trøyer. Så vi har fått ei oppleving for livet, men prikken over i-en mangla.

Klokka 17.39 informerte politet om at dei har gjennomført ei kontrollert sprenging av pakken. Wergeland hadde i det lengste håpa at kampen kunne blitt spelt seinare i kveld.

– Det kjedelegaste var at det ikkje blei kamp, at dei ikkje søkte gjennom tribunen og spelt ein time seinare eller noko. I staden sende dei 80.000 heim. Det er mange som er lei seg.

Evakuering på Old Trafford

EVAKUERTE: Her er det meste av Old Trafford blitt evakuert etter at alarmen gjekk.

Foto: Tom Christian Wergeland

Er tilbydd nye billettar

– Kva seier engelskmennene?

– Dei er skuffa dei og. Vi har faktisk fått tilbod frå fleire om kampbillettar til kampen, når den måtte bli spelt. I rein sympati. Både frå ein engelskmann og nokre danskar, så det er jo flott.

– Kva gjer de no?

– Eg veit ikkje. Dette var julepresangen til gutane våre. Det er ein stor nedtur at kampen vart avlyst, men vi har hatt ei strålande helg elles. Vi får finne på noko alternativt. Vi går gatelangs her saman med store folkemengder. Vi skal ikkje heim før i måndag kveld, så vi har sjanse til å finne på noko, seier Tom Christan Wergeland i Manchester.

Sogndøler gatelangs i Manchester

GATELANGS: Sogndølene måtte som 80.000 andre finne noko anna å fylle søndagen med.

Foto: Tom Christian Wergeland