Hopp til innhold

Ligg sist i nasjonalt prosjekt

FØRDE (NRK): Sogn og Fjordane er enno ikkje halvvegs i det nasjonale adresseprosjektet. Mange i fylket vil derfor få ei ny adresse i tida framover – og ikkje utan namnestrid

Underskrift

SAMLA UNDERSKRIFTER: Fleire har skrive under på brevet som søstrene Hellevang har sendt til kommunen

Foto: Anders Tesdak Galtung / NRK

Vi har lenge sett at folk i det offentlege skriv Heilevang. Dette meiner vi er feil.

Sånn startar brevet som søstrene Vigdis og Susann Hellevang har skrive til Førde kommune.

Dei to sit i ein sofa, og mellom dei ligg ein stor bunke med dokument.

Det har blitt mykje innsamlingsarbeid sidan søstrene fann ut at adressa deira er Heilevang, og ikkje Hellevang, som dei alltid har trudd.

Heilevang over heile linja

Vigdis Hellevang oppdaga adresseendringa då ho begynte å få problem med posten for nokre månadar sidan.

– Då eg skulle søkja på forskjellige nettsider, så stod det plutseleg Heilevang over heile linja, seier Vigdis opprørt.

Hellevang-namnet er ein viktig del av identiteten til søstrene. Ifølge Vigdis stammar alle som heiter Hellevang herifrå. Ho fortel at dei som har Hellevang som slektsnamn irriterer seg over endringa.

– Til og med dei i Bergen reagerer på det, seier ho.

Vigdis og Susann Hellevang

OPPRØRTE: Søstrene Hellevang er ikkje nøgde med adresseendring

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Sogn og Fjordane er heilt sist

Sidan 2006 har det kome meir enn 700 000 nye vegadresser i landet som følge av adresseprosjektet. Prosjektet går ut på at alle bustadeigedomar i landet skal få ei eintydig adresse, i form av vegadresse.

Sogn og Fjordane heng lengst etter, fortel namneansvarleg i Kartverket, Erlend Trones.

– No har 88 prosent av bustadane i landet fått ei vegadresse, men i Sogn og Fjordane er talet berre 48 prosent. Finnmark er nest sist med 69 prosent.

Han forklarer dette med at fylket har ei svært spreidd befolkning, og at det ikkje har vore det same behovet for vegadresser her som det har vore i meir tettbygde område.

– Men det har skjedd mykje her dei siste åra, så talet kjem nok til å stiga ganske fort framover.

Trones fortel at adresseringsprosjektet gjerne vekker til livs gamle namnestridar.

– Det kan nok komma av at ein får namn meir rett i fleisen når ein får det som adressenamn.

Trond Ueland

NYTTIG VERKTØY: Trond Ueland finn fram Heilevang på kartet

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Meiner Heilevang er rett

– Kommunen har kontakt med grendene, og sender ut høyring til alle som bur i område som skal få ny adresse, seier Trond Ueland, kommunalsjef for areal i Førde

Hellevang-søstrene hadde ikkje høyrt noko før dei merka ei adresseendring, men Ueland meiner Heilevang-namnet ikkje er noko nytt, og leiter det fram på eit kart.

– Her ser du at Heilevang er godkjent og tilrådd i 1988. Hellevang er ein variant som er godkjent, men Heilevang er tilrådd. Då må me retta oss etter det, seier han.

Vigdis Hellevang håper likevel å få medhald i klaga si.

– Eg blir skikkeleg lei meg om me ikkje får behalda Hellevang-namnet.