Hopp til innhold

Ligg i vinkel for å ringe med mobilen

Og kundane som skal betale med visakort må stå i vindauget. No er dagleg leiar lei av å vere akrobat for å nå ut til omverda.

Johan Trygve Solheim

I VINKEL: – Eg må ligge i denne stillinga for å klare å nesten ha ein heil samtale på mobilen. Og dei som skal betale med visakort hos oss stussar. For dei må også stille seg opp på uvanlege måtar for å klare å nå gjennom, fortel dagleg leiar for Norsk Hjortesenter på Svanøya, Johan Trygve Solheim.

Foto: privat

– Det er jo heilt håplaust. Vi taper store summar på å ikkje kunne svare kundane våre på telefon. Og internett fungerer ikkje akkurat optimalt her ute, seier dagleg leiar for Norsk Hjortesenter på Svanøya, Johan Trygve Solheim.

Mindre tilgjengeleg på kontoret

Per Aril Meling

TA KONTAKT: Kommunikasjonssjef i Telenor, Per Aril Meling, seier dei som slit med dekninga på Svanøya bør ta kontakt med Telenor.

Det nasjonale Hjortesenteret ligg idyllisk til på øya utanfor Florø. Men det hjelper lite når ikkje omverda får tak i dei, og produkta dei har å tilby.

– Eg er jo meir tilgjengeleg når eg er på reise enn år eg sit på mitt eige kontor. Det seier jo litt.

Mobilnettet skaper også hovudbry for bedrifta. For alle forventar at dei er tilgjengeleg på mail, mobiltelefon og Skype.

– Vi kan til dømes ikkje sende store filer på mail, eller ta imot noko som går over ein viss størrelse. Det seier seg sjølv at dette ikkje fungerer, seier han.

Norsk hjortesenter

UVANT: Bankterminalen må stå på ein spesiell stad for at kundane skal kunne betale med kort.

Foto: privat

Må spleise for å få betre dekning

Dekningsdirektør i Telenor Per Aril Meling forstår frustrasjonen, men kan ikkje love endring.

– Eg vil oppmode bedriftene om ta kontakt med Telenor slik at vi kan sjå om det er noko vi kan gjere, seier han.

Telenor inngår ofte spleiselag med kommunar for å få bygd ut mobilnettet.

«Eg er jo meir tilgjengeleg når eg er på reise enn når eg sit på mitt eige kontor. Det seier jo litt»

Johan Trygve Solheim

Prioriterte Stavøya

Jan Heggheim

SØKJER: Fylkesdirektør for næring Jan Heggheim seier 4G kan vere eit alternativ til utbygging av telenettet.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Flora kommune fekk løyvingar frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, NKOM, i fjor. Då valde dei å prioritere Stavøya. Dei kan sende liknande søknad om Svanøya, forklarer Meling.

Fylkesdirektør Næring i Sogn og Fjordane, Jan Heggheim, seier dei kan bidra på breibandsida.

– Vi bidreg med å koordinere kommunale søknader for å få statlege midlar hit. Og Flora kan sende søknad om Svanøya, seier han.

Solheim trur manglande dekning vil føre til at færre etablerer seg i distrikta.

– Vi er etablert her allereie, men dei som tenkjer at dei kanskje ville starta noko ute i distrikta vil jo kvi seg på det når dei ikkje kan vere tilgjengelege, seier Solheim.

Satellittbreiband redda dei

Bengt Solheim-Olsen

HELD IKKJE: Høgreordførar i Florø, Bengt Solheim-Olsen seier han sjølv har vore på Svanøya og opplevd å måtte gå til ein spesiell stad for å kunne bruke mobilen sin.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Naudløysinga på hjortesenteret er blitt satellittbreiband.

– Eg er veldig klar over situasjonen på Svanøya og det er ikkje haldbart at nettet ikkje fungerer. Vi har ei liste over dei andre stadane vi skal bygge ut. Svanøya er ein av desse stadane, seier Høgreordførar i Florø, Bengt Solheim-Olsen.

Men kor tid veit han ikkje.

– Vi jobbar så fort vi kan, seier han.