Hopp til innhold

Ligg an til å knuse alle mai-rekordar

Vekevis med strålande sol og varme gjer at fleire vêrstasjonar ligg an til å knuse varmerekordane for mai med fleire grader. Varmast i går var Balestrand.

Takle i Gulen sett frå Søtkollevarden

REKORD: Sidan 1950 har dei målt temperaturar og nedbør på Takle i Gulen. Aldri før har det vore målt varmare temperaturar i mai månad.

Foto: Bjarne Dåe

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er framleis litt att av mai og vi har ikkje dei endelege tala før fredag, men ein kan trygt seie at fleire stadar vert varmerekordane slått, seier vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Mette Skjerdal.

For om du følte at det var varmt i går, så har du rett. Likevel nådde ikkje temperaturen over 30 grader på nokon av målestasjonane i Sogn og Fjordane. Varmast var Balestrand med 29,8 grader (sjå topp fem-lista i faktaboksen). I landet var det Etne i Hordaland som var varmast med 32,7 grader.

Og på fleire av målestasjonane i fylket har det aldri blitt målt høgare temperaturar i mai månad.

Varmaste sidan 1950

Blant målestasjonane som har sett ny rekord for middeltemperatur i mai er Takle i Gulen. Her har dei målt temperatur og nedbør sidan 1950 og aldri før har det vore varmare i mai. Med ein dag att av mai månad har det vore 12,8 grader i snitt. Den gamle rekorden stammar frå 1954, då var det 11,4 varmegrader gjennom mai.

– I snitt har temperaturen i mai vore mellom tre og fem grader høgare på dei fleste målestasjonane i Sogn og Fjordane, seier Skjerdal.

Blant vêrstasjonane som vil sette rekord er Vangsnes, Lærdal, Fjærland og Stryn, men desse har ikkje hatt målingar like lenge som Takle i Gulen.

Det høgste som nokon gong er mål i Sogn og Fjordane er Fortun i Luster med 33,3 grader, 8. juli 1933.

Balestrand - dronefoto

VARMAST: Balestrand var varmast i går med sine 29,8 varmegrader.

Foto: Alf Vidar Snæland

40 til 60 prosent av normalen

Det varme vêret dei siste vekene gjer at det er enorm skogbrannfare i heile landet, men likevel ligg det ikkje an til å bli rekordar for lite nedbør.

– Det regna ein del i starten av mai, men dei fleste stasjonane har fått 40 til 60 prosent av normalnedbøren, seier Skjerdal.

Og langtidsvarselet viser også at det ikkje er nedbør i vente.

– Det kan bli nokre ettermiddagsbyer, men ikkje store mengder. Den høge temperaturen vil halde seg ut dagen i dag, før den går litt ned inn i helga. Likevel kan det bli rundt 25 grader i morgon og rundt 20 grader i helga, melder meteorologen.

Varmast i fylket klokka 11.00 i dag var Fureneset i Gaular med 27,4 grader.

– Vi kan sjå dei same temperaturane som i går fleire plassar i løpet av dagen, seier Skjerdal.