Hopp til innhold

Ligg alvorleg skadd på sjukehus etter ulukke

Ei kvinne (41) er alvorleg skadd etter trafikkulukka ved Alværa i Høyanger onsdag ettermiddag.

Kø etter ulukke ved Alværa, Lavik

KØ: Dette var køen om lag to kilometer frå ulukkesstaden mellom Rå og Alværa i Høyanger.

Foto: NRK-tipsar

I alt fire personar vart sende til sjukehus og legevakt etter ei trafikkulukke ved Alværa i Høyanger onsdag kveld.

– Det ser ut til at ein bil har køyrt inn i ein annan i ei 80-sone, opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnor i Vest politidistrikt.

Ein person sat fastklemt i den eine bilen, og vedkommande vart frakta med luftambulanse til sjukehus i Førde. Helse Førde melde seinare på kvelden at personen vart frakta vidare til Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Den 41 år gamle kvinna var torsdag føremiddag alvorleg skadd.

Alværa