Hopp til innhold

- Politiet fylgjer folk til bussen og let dei reise åleine

Fleire bussjåførar har opplevd at politiet eskorterer folk til bussen for så å dra igjen. Måndag kveld drap ein asylsøkjar frå Sør-Sudan to passasjerar og bussjåføren på Valdresekspressen.

Inge Johan Kirketeig

- FORFERDELEG TRIST: Bussjåfør og tillitsvald Inge Johan Kirketeig.

Foto: Bård Siem / NRK

Tillitsvald Inge Johan Kirketeig i Sogn og Fjordane Transportarbeidarforeining er ein av sjåførane som har opplevd å få folk levert på bussen av politiet.

– Politiet kom med ein person, og vi fekk han inn på bussen. Vi laga ikkje noko dramatikk ut av det, men det er klart vi tenkjer: Kva er det no som skjer?

Fleire tilfelle

Fleire bussjåførar NRK har vore i kontakt med har opplevd at uniformert politi har levert folk med utanlandsk opphav på bussen for så å dra igjen. Ein av dei som har opplevd dette er Inge Johan Kirketeig, tillitsvald i Sogn og Fjordane Transportarbeidarforeining.

Sett i lys av trippeldrapa på Valdresekspressen måndag kveld er han opprørt. Den sikta skal ha fått avslag på asylsøknaden sin, men politiet vil ikkje kople bussturen med avslaget på asylsøknaden.

– I etterkant av ei slik hending så opplever eg det som heilt forferdeleg, seier Kirketeig.

Slepar bussen vekk

TRE DREPNE: I denne bussen tok ein asylsøkjar livet av bussjåføren og to passasjerar.

Foto: Øyvind Bye Skille

Ukjent for politimeisteren

Politimeisteren i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, kjenner ikkje til tilfelle der uniformert politi har levert folk på bussen og ønskjer ikkje å kommentere saka.

Men trafikksjef Tore Masdal i Firda Billag seier han sjølv har opplevd at politiet har levert folk på bussen for deretter å forsvinne.

– Ja, eg har og sett at det har skjedd i mi tid i Firda Billag.

Kirketeig møtte i går fleire av kollegaene sine i Firde Billag. Mange er fortvilte og redde, seier han, seier han.

– Eg har det ikkje godt i dag. Eg synest det var ei forferdeleg trist oppleving, og bussjåførar generelt er veldig opptekne av dette.