Hopp til innhold

Lever og andar for livet på sjøen

24 år gamle Andreas Kvernevik frå Selje brukar kvar ei ledig stund til å kome seg på sjøen.

Andreas Kvernevik

UNG KRABBEFISKAR: Andreas Kvernevik

Foto: Harald Kolseth / NRK

Når NRK møter 24-åringen i det han kjem sigande til lands i Kvernevika i Selje, er dette krabbefiske det går i. Om fiske ikkje akkurat er nok til å leve av, gjer det i alle fell livet verd å leve for den unge fiskaren.

– Det er godt å ha noko å bruke fritida på, og på sjøen får ein samla tankane. Så dette er noko eg verkeleg set pris på.

Arveleg belasta

Havets kardinal

STORFANGST: Av og til dukkar også havets kardinal opp.

Foto: Privat

Fiskeinteressa har han i blodet, bestefaren var det kjende notbasen og fiskaren Oscar Kvernevik.

– Eg har alltid sett opp til korleis han dreiv på sjøen, og har sjølv vore interessert i sjølivet.

Det er lite fiskerimiljø her i Kvernevika?

– Ja, det er faktisk det, vi er på havet nesten kvar einaste dag. Går det for mange dagar utan eg har fått kome meg på havet så kjenner eg det kriblar.

Fin krabbe

– Sesongen i år tykkjer eg har vore bra. Det var tidleg mykje rogn i krabben.

krabbefiske

GOD FANGST: Andreas Kvernevik får så mykje at krabbe at både gir vekk og sel litt.

Foto: Privat

Ved kaien har han to kar som han samlar fangsten i, og dei fyllest fort.

– Kva gjer du med all krabben du får?

– Det blir fort litt krabbe når ein fiskar så mykje som meg. Så eg sel litt og gir vekk litt. Det er ikkje for tene pengar eg driv med det. Eg synest det er kjekt om folk kan få seg litt krabbemat.