NRK Meny
Normal

19-åringen lever den amerikanske draumen

Ho skulle eigentleg studere politikk og leve studentlivet. Men ei facebookmelding frå Bipper-gründer Silje Vallestad endra det heile. Alice Beate Holm frå Svelgen lever no den amerikanske draumen i Silicon Valley.

Alice Beate Holm

HEIME PÅ BESØK: Men neste veke reiser Alice Beate Holm attende til USA, der ho jobbar som praktikant i Bipper, selskapet til Silje Vallestad.

Foto: NRK

– Det starta rett etter eg vart leiar i ungdomspolitisk utval i mars. Silje hadde sjekka meg ut på internett og funne heimesida mi. Ho skreiv at ho var imponert, og at ho kanskje hadde ein jobb til meg i USA.

For å gjere ei lang historie kort: Det vart ingen sommarferie. Dagen etter skuleslutt på vidaregåande reiste ho til USA.

– Eg er utruleg, utruleg takksam for moglegheita. Og eg tykkjer det er utruleg bra at Silje gir norske ungdomar moglegheita til å reise dit å få internasjonal erfaring, seier Holm.

Lange, harde arbeidsdagar

Dei har ein arbeidsmoral som eg trur vi kan lære av. Dei jobbar mykje, og dei er alltid jobb når dei er på jobb

Alice Beate Holm

Den moglegheita dukka opp plutseleg, for rundt seks månadar sidan. Planen for leiaren i ungdomspolitisk utval i fylket var å studere politikk, drive med politikk og leve stundetlivet.

Men tilbodet frå Vallestad gjorde at dei planane vart utsette. Alice Beate Holm gjekk rett frå russetid og eksamensstress til jobb i USA. No har ho starta opp sitt eige enkeltmannsføretak, samstundes som ho er praktikant i Bipper, selskapet til gründeren Silje Vallestad.

Som ung praktikant må ein gjerne gjere litt av alt.

– Det blir litt forskjellig. Eg kjøper lunsj, postar brev og den type ting. Men eg driv også med design, og jobbar med utruleg dyktige folk. Min jobb er å lage nye element til appen, og finne nye løysingar til appen, i tillegg til reklame.

Mange arbeidsoppgåver gir mange arbeidstimar. Arbeidsdagane er ofte svært lange.

– Vi byrjar klokka ni om morgonen. Vi sit i alle fall til seks på ettermiddagen, og ofte ein time eller to lenger enn det, seier Holm.

(Artikkelen held fram under biletet)

Silje Vallestad

SILJE VALLESTAD: Gründer Silje Vallestad starta Bipper, selskapet der Alice Beate Holm no er praktikant. Vallestad heldt føredrag på IT-forum sin konferanse denne veka.

Lever den amerikanske draumen

Ho blir av og til lei etter dei lange dagane. Men ho seier arbeidsmiljøet og varierte arbeidsoppgåver gjer at det går fint. Ho trur vi nordmenn kan lære.

– Dei har ein arbeidsmoral som eg trur vi kan lære av. Dei jobbar mykje, og dei er alltid jobb når dei er på jobb

Skryt får også systemet for folk som vil starte si eiga bedrift.

– Det er utruleg bra. Dei kan feile tre gonger, og om dei får det til på fjerde forsøk er det greitt. Det er ikkje slik at eitt dårleg forsøk gjer at dei må få seg ein sikker jobb, og at eventyret er slutt.

Du bur i California, og jobbar i Silicon Valley: Den amerikanske draumen?

– Det er heilt fantastisk. Eg gler meg til å kome tilbake på onsdag. Folk er berre utruleg trivelege, opne og imøtekomande. Dei har ein måte å tenke på som eg trur vi kan lære mykje av.

– Føler meg heldig

Eg veit ikkje. Eg har ikkje peiling. Eg har så mange draumar.

Alice Beate Holm

Alice Beate Holm fortel om møte med folk som har studert mange år etter vidaregåande. Folk som har jobba i fleire år, og som har jobba hardt med ein søknad.

I dei møta kvir ho seg til spørsmålet om kva ho har studert. For svaret «ingenting» kan gjere folk irriterte. Ho gjekk rett frå vidaregåande til USA.

– Er du imponert over deg sjølv?

– Eg trur eigentleg at eg føler meg meir heldig. Litt flaks, på ein måte. Men eg håpar jo eg har gjort noko rett. Det trur eg, seier ho.

Vil inn i partipolitikken

Så var det spørsmålet om framtida då. Eit vanskeleg spørsmål for mange unge. Dei mange moglegheitene Holm har, gjer ikkje spørsmålet lettare.

Det er politikken. Ho byrja i ungdomsrådet i åttande klasse.

– Etter det har det berre balla på seg. Eg vart vald inn som nestleiar og seinare leiar i ungdomspolitisk utval. Men det har alltid vore utanfor dei etablerte partia

No vil ho inn i partipolitikken, i Arbeidarpartiet. Samstundes vil ho studere, og bygge opp sitt eige firma. Der ligg allereie oppdrag å ventar når ho kjem tilbake.

Men kva ho skal i framtida er endå uklart.

– Eg veit ikkje. Eg har ikkje peiling. Eg har så mange draumar, seier Alice Beate Holm.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser