Høg actionfaktor på Sandane

Qfilm-festivalen er i full sving på Sandane. Dette året har dei action som tema. I den anledning har dei fått tak i ein vaskeekte stuntmann.

Video Knall og fall på timeplanen

Inne i eit av klasseromma på skulen førebur stuntmann John Smith Kabashi seg til førestilling seinare på dag, og festivalsjef på Q-film festivalen Malina Kirkeeide får æra av å kaste han over ein pult og inn i nokre stolar.

HØYR «STUNTREPORTASJEN» FRÅ SANDANE HER:

Det ser dramatisk ut, men Kabashi kjem frå dei heile utan så mykje som ei lita skramme. Stuntet som nettopp vart utført er eit ganske vanleg og enkelt stunt kan Kabashi fortelje.

– Dette er eit stunt ein ofte kan sjå i bar- og restaurantscener der ein slåsskamp bryt ut, fortel Kabashi.

Lite miljø

John Smith Kabashi

STUNTMANN: John Smith Kabashi er ein av få stuntmenn i Noreg.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Kabashi har jobba som stuntmann sidan 2008. Han måtte til Sverige for å ta utdanninga si, og no er han ein av få profesjonelle stuntmenn i Noreg.

– Stuntmiljøet i Noreg er dessverre litt lite, så eg vonar tv- og filmprodusentar kan byrje å satse litt meir på actionproduksjonar. Desto meir actionfylt, desto betre sel det, trur eg, seier Kabashi.

Det er mange ulike stunt ein må gå igjennom som stuntmann, men Kabashi har sine eigne spesialitetar innanfor yrket.

– Eg har trena kampsport i mange år så eg gjer mange kampsortscener. Dessutan brukar eg å gjere ein del scener som involverar fall, seier Kabashi.

– Har du falt ein del på privaten då kanskje?

– Haha, ja det kan du banne på at eg har. Ned frå tre og trapper, blitt påkøyrt og det meste som er, så denne stuntinteressa kom nok litt naturleg, ler Kabashi.

Risikofylt arbeid

John Smith Kabashi og Malina Kirkeeide

ØVING: John Smith Kabashi løftar Malina Kirkeeide.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Sidan stuntmiljøet er så lite her i Noreg så er det vanskeleg å leve av å jobbe som stuntmann aleine. Difor jobbar Kabashi som miljøarbeider ved sidan av.

– Eg jobbar med born med åtferdsproblem, og eg merkar at dei ofte ser opp til meg som driv med dette. Eg trener med dei og prøver å få fokuset deira bort frå problema dei har i dagleglivet og over på meir positive ting, seier Kabashi.

Kanskje kan det vere greitt å ha ein jobb å falle tilbake på også, for stuntlivet er hardt arbeid og sjølv om stunta alltid skal gjerast under kontrollerte forhold så hender det at uhellet er ute.

– Eg fall frå sjette etasje ein gong og landa rett på hælane. Då sprakk hælposane mine og eg måtte ligge på sofaen i to veker. Det var ikkje akkurat det som var planen. Eg skulle jo liksom klatre ned, ler Kabashi.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.