NRK Meny
Normal

Harald kasta seg ut på djupt vatn - no er han spent på om han klarer å symje

Harald Thingnes gjekk i djupna på 121 av Noregs OL- og VM-gull. – Eg føler eg kasta meg ut på djupt vatn. Så får eg sjå om eg kan symje, seier forfattardebutanten.

Harald Thingnes med boka Den første skituren.

INSPIRASJON: Ein spent og stolt Harald Thingnes med første eksemplar av boka. – Eg håpar boka kan vere ei inspirasjonsbok for foreldre som lurer på korleis dei skal få ungane sine ut på ski. Det handlar om ein fin balansegang mellom litt pressing og litt tilrettelegging, seier han.

Foto: Privat

Svaret får han når boka «Den første skituren» blir lansert førstkommande torsdag. Boka som omhandlar Tarjei Bø, Odd-Bjørn Hjelmeset og 12 andre skiprofilar sine første renn.

Johannes og Tarjei Bø

RASERI: Debuten i lang løype vart alt anna enn god for Tarjei Bø. Mora skulle vise veg, men den unge langrennsløparen susa ifrå, gjekk feil og måtte sjå seg grundig slått i mål. Det utløyste ikkje berre eitt raserianfall.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Ein slik tanke hadde eg aldri tenkt sjølv, før Det Norske Samlaget presenterte ideen. Men eg tykte det var ein god idé, seier Harald Thingnes.

Ut av komfortsona

Til vanleg er sunnfjordingen programleiar i NRK Sporten, men dei siste par åra har mykje av fritida gått til bokprosjektet. I ei veke i fjor fekk Thingnes leve ut forfattarklisjeen med skriving i Roma.

Han valde sjølv utøvarane han ville presentere, og hevdar nevøen Tarjei ikkje hadde noko reelt val.

– Han stiller når onkelen befaler, humrar Thingnes.

Eit raseriutbrot i skiløypa som åtteåring var starten på karrieren.

Harald Thingnes om Tarjei Bø / Den første skituren
Odd-Bjørn Hjelmeset

UTSPEKULERT: Odd-Bjørn Hjelmeset vaks opp med treski, men fekk lyst på langt dyrare Landsem glasfiberski.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Det har vore kjekt å utfordre seg sjølv, og gjere noko heilt anna enn til vanleg. Eg har hatt godt av å komme litt ut av komfortsona, seier han og håpar boka kan inspirere både utøvarar og foreldre.

Raud tråd

For «Den første skituren» fortel historia bak skistjernene. Også dei var mørkredde, hamna sist på resultatlista, sleit med for lange stavar og for store og varme parkdressar. Også dei hata ski. Også dei hadde foreldre.

Men Odd-Bjørn hadde ein plan for å legge Åsnes-epoken bak seg. Den inkluderte den bratte trappa til tante Alvhild i nabohuset.

Harald Thingnes om Odd-Bjørn Hjelmeset / Den første skituren
Italy Cross Country Tour de ski Petter Jr. Northug

HATA SKI: – Det er mange slike historier som er godt å høyre. Det verste Martin Johnsrud Sundby visste var å gå på ski. Så tok mora foret ut av parkdressen, han fekk eit par kule hanskar som det stod Oddvar Brå på. Då var koden knekt, fortel Harald Thingnes.

Foto: Alessandro Trovati / Ap

Thingnes fann ein raud tråd han kjende seg att i.

– Oppvekst i enkle kår, arva ski og utstyr. Dei fekk ikkje noko opp i fanget. Dei lærte «the hard way». Eit fåtal var barnestjerner, men gjekk på susande tap, vart inspirert av eigen framgang og nærma seg sakte men sikkert dei beste. Det er ulike vegar til målet, men ingen snarvegar, fortel han.

Inspirasjon

Til fedrar eller mødrer som blir gripne av panikk om åtteåringen har kortare veg til botnen enn toppen av lista, så er altså ikkje løpet køyrt:

Framsida til "Den første skituren" av Harald Thingnes

SKITUREN: Boka kjem ut førstkommande torsdag.

Foto: Det Norske Samlaget

– Det er som Øystein Pettersen seier det, det å bli god i langrenn handlar ikkje om kor tidleg du får bart. Han var heilt umogleg å slå, men brukar ein tida så kan tolmod matche dei som er veldig tidleg utvikla, seier Thingnes.

Og håpar boka kan inspirere foreldre som lurer på korleis dei skal få ut ungane.

– Skistjernene refererer til kva som fascinerte dei og kva foreldra gjorde rett for å få dei ut. Det er ein fin balansegang mellom litt pressing og litt tilrettelegging for å få ei god skioppleving, avsluttar han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.