Som jurist ved Fjordane Politikammer frå april til juni i 2001 delte 31-åringen ut over 30 bøter, han skreiv ut to siktingar og han var aktor i tre straffesaker. Men 31-åringen var slett ikkje jurist. Mannen hadde ikkje eingong gyldig eksamen frå vidaregåande skule.
Største svindel mot aetat
I dag må han sjølv møte i retten. Denne gong som tiltalt i den største svindelsaka mot Aetat nokon sinne. Den unike historia om 31-åringen frå Møre og Romsdal, og son av ein lensmann i Nordfjord, starta for over 11 år sidan.
Mangla eksamen
Møringen strauk på eit fag på vidaregåande skule og mangla dermed studiekompetansen han trengte for å ta ein eksamen ved eit universitet eller ein høgskule. Dette heldt han skjult både for familien og annan omgangskrets. Han starta likevel å studere ved juridisk fakultet i Bergen og fylgde studiane og studielivet gjennom alle år, men fullførte aldri og fekk dermed heller ikkje vitnemål.
Funksjonshemma
Det var på grunn av at han er funksjonshemma han fekk støtte frå Aetat både til studiane, i attføringspengar og støtte til bu og reiseutgifter. Totalt fekk han utbetalt over 850.000 kroner frå staten. Aetat sjekka aldri om han hadde papira i orden - før det hadde gått 11 år.
Stor fallhøgde
Då hadde 31-åringen alt vorte tilsett som jurist ved Fjordane Politikammer i to månader gjennom arbeidsmarknadstiltak og fallhøgda var blitt stor for det som starta som ei lita løgn.
Ni års fengsel
Det var kollegaer som etterkvart fatta mistanke, då han etter utallige purringar ikkje kunne legge fram vitnemålet sitt. Eit vitnemål som han både til kollegar og politimeisteren hadde fortalt hadde beste karakter - laud. Arbeidsforholdet vart straks avslutta. Tilbake stod sjokkert familiemedlemmar og vener. Aetat og leiinga ved Fjordane Politikammer hadde alle latt seg lure av 30-åringen.
Fire dagar er sett av til saka og 310-åringen kan bli dømd til ni års fengsel.