Hopp til innhold

Lettare skadd i utforkøyring

Ein person vart lettare skadd då ein bil køyrde utfor vegen og hamna på taket på E39 like nord for Skei i Jølster søndag kveld.

Det sat to vaksne og eitt barn i bilen.

Bilen dei sat i hamna utfor ein halvmeter høg skrent, og vart liggande på taket. 

Det er ikkje mistanke om promillekøyring.