Hopp til innhold

Kvinne lettare skadd etter knivdrama i Hornindal

Kvinna som natt til sundag vart operert etter å ha vore involvert i eit knivdrama i Hornindal, ligg lettare skadd på vanleg avdeling ved Førde sentralsjukehus.

Hornindal

Politiet stadfestar at dei to som var involverte i husbråket natt til søndag er kjenningar av politiet.

Kvinna vart sendt til Førde sentralsjukehus, der ho vart operert for skadene ho pådrog seg i hendinga. Natt til sundag karakteriserte AMK tilstanden til kvinna som alvorleg, men stabil.

Kvinna er lettare skadd

Sundag morgon vart kvinna i 30-åra overført til vanleg sengepost ved sentralsjukehuset etter operasjon natt til sundag.

Ho er lettare skadd og ligg på vanleg avdeling på Førde sentralsjukehus, seier AMK til NRK.

Uklart kva som har skjedd

Det var laurdag kveld i 23-tida politiet fekk melding om husbråk i Hornindal og rykka ut til ein privatbustad. Ein mann i 50-åra vart pågripen.

Ein kniv var involvert i hendinga, men politiet er usikre på om han var nytta. Pågripinga skal ha skjedd utan dramatikk, opplyser politiet.

Den pågripne er arrestert, og saka vert etterforska ved Stryn og Hornindal lensmannskontor.

Førebels kan ikkje politiet seie noko meir om kva som har skjedd i husveret.

Politiet opplyser at saka vil verte etterforska vidare måndag.