Hopp til innhold

Letta Tenden passert av broren

- Det smaker godt å endeleg ha sikra seriemeisterskapen, jublar Førde-spelar Steinar Tenden etter 4-3 sigeren over Tornado Måløy.

Sidan Årdal tukta Fjøra 1-0, er det dermed klart at ingen kan ta att sunnfjordingane på toppen av 3. divisjonstabellen.

ALLE RESULTAT 18. SERIERUNDE

- No kan vi sjå framover

Laget er seriemeistrar, krinsmeistrar og klar for spel om opprykk til 2. divisjon. Førde vil mest truleg møte Åskollen. Buskerudlaget har vore like suverene som sunnfjordingane i si avdeling

- Vi har lenge vore budd på at det ville skje før eller seinare, men det er godt å endeleg sette spikeren i det. No er vi seriemeistrar og kan konsentrere oss meir om kampane fram mot kvalik, seier Steinar Tenden.

Burde avgjort tidlegare

Heime mot Tornado Måløy leia Førde 4-1. Det vart til slutt 4-3.

- Om du ser isolert på kampen i dag, så kan du stille spørsmål ved om vi er gode nok. Men sett sesongen under eitt, så er det ikkje tvil om at vi er det beste laget. I dag burde vi avgjort kampen i løpet av den første halvtimen. Vi er fire-fem gonger åleine med keeper utan å score, seier Tenden.

Passert av broren

Sjølv var han nest sist på ballen ved desse sjansane. Han var også sist på ballen på to av måla. Med det er han oppe i 20 scoringar i år. Broren Asbjørn i Stryn har 21.

- Det er litt kjekt, men det betyr at eg må yte endå meir for å kome forran. Eg har ikkje problem med at han scorar meir enn meg, for det er rett og slett imponerande at han gjer det med Stryn. Eg får berre noko å strekke meg etter, avsluttar han.