Hopp til innhold

Pustar letta ut etter kraftlinjevedtak

Grunneigarar i Myklebustdalen i Bremanger er letta over at energiministeren ikkje får leggje ei kraftlinje gjennom eit naturreservat i dalen.

Bygdefolk i Bremanger e letta ette at Fylkesmannen set foten ned for ei gigantisk kraftlinje gjennom eit naturreservat.
Fylkesmannen ber altså Statnett flytte traseen, men kampen e ikkje øve.

Bygdefolket pustar letta ut etter at Fylkesmannen sette foten ned for kraftlinje gjennom Myklebustdalen i Bremanger.

Folk i den vesle bygda Ålfoten i Bremanger er letta over at Fylkesmann Anne Karin Hamre nektar energiministeren å leggje ei kraftlinje gjennom Sørdalen naturreservat.

Det har gått over eit år sidan energiminister Ola Borten Moe gjorde ein trasèendring på kraftlinja som skal gå frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre. Då bestemte han seg for å gå vekk frå NVE og Statnett si tilråding om å leggje kraftleidningen i Førdedalen. I staden vart linja lagt gjennom Sørdalen naturreservat og Myklebustdalen.

Letta grunneigarar

Ein av grunneigarane som no pustar letta ut er Brynjar Myklebust.

- Vi veit jo betre enn nokon kor strengt dette vernet er. For sidan dette området vart freda i 1999 har ikkje vi kunne hogge juletre her, seier han.

- Dette viser at ein har ei lov som fungerer, slik at om du heiter Brynjar Myklebust og er grunneigar, eller heiter Ola Borten Moe og er energiminister, så gjeld dei same reglane, og det synast vi er veldig betryggande, seier grunneigaren.

I Bremanger flytta senterparti-statsråden linja frå Førdedalen til Myklebustdalen. Det betydde at kraftlinja ikkje hamna på eigedommen til SP-ordførar Karl Vidar Førde, men i staden gjennom Sørdalen naturreservat og forbi den vesle bygda Ålfoten.

- Det var jo heilt uventa at linja plutseleg skulle bli plasser over Myklebustdalen, når vi heile vegen hadde fått medhald frå fagmiljøet på at det var det som var det mest negative, og at det var gitt konsesjon for linja ein annan plass, seier Myklebust.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brynjar Myklebust

GLAD: Fylkesmannen sitt vedtak om å nekte kraftlinja Ørskog-Fardal å gå over Myklebustdalen betyr mykje for grunneigar Brynjar Myklebust.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Nektar kraftlinje

Borten Moe vart skulda for Senterpartikameraderi, noko han har avvist er tilfelle. Men i går overprøvde fylkesmann Anne Karin Hamre si eiga regjering, og nektar byggjing av kraftlinje gjennom Sørdalen naturreservat.

- Det er slik at eit naturreservat er den strengaste forma for eit områdevern. Det er strengare der enn til dømes i ein nasjonalpark. Verdien i dette området er at det er urskog, veldig gammal barskog som det er veldig lite att av i Norge. Og desse mastepunkta som skal inn vil krevje både sprenging og masse uttak, med store negative konsekvensar for både plante- og dyreliv, seier Hamre.

Statnett som skal byggje kraftlinja må no vurdere ein alternativ trasè eller klage vedtaket inn til direktoratet for naturforvaltning. Kommunikasjonsdirektør Kristian Pladsen i Statnett seier dei vil gjere ting i riktig rekkefølge.

- Det betyr at vi no først sett oss grundig inn i prinsippa for vedtaket, og så må vi sjå på om vi eventuelt skal anke vedtaket, og så må øvrige ting vente til etter det.

- Alle prosjekt innverkar på naturen

Kommunikasjonssjef i Olje- og energidepartmentet, Ole Berthelsen, vil ikkje kommentere kva dei tenker om Fylkesmannen sitt vedtak.

- Det Fylkesmannen har gjort er å avslå ein dispensasjonssøknad frå Statnett på å bygge i Sørdalen, og vi registrerar at Statnett vurderer å anke dette avslaget, og elles har ikkje vi nokon kommentar til dette, seier Berthelsen.

- Kvifor valde de å skifte trasé?

- Praktisk talt alle slike store prosjekt har innverknad på urørt natur i større eller mindre grad. Det er heller ikkje første gong at eit leidningstrekk har innverknad på eit naturreservat. Det som var avgjerande i denne saka var at traséen i Sørdalen inneber langt større grad av samlokalisering med det eksisterande leidningnettet enn det som opphavleg var føreslege, seier Berthelsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Myklebustdalen i Ålfoten i Bremanger

FÅR FRED: Her gjennom Myklebustdalen skulle kraftlinja mellom Ørskog og Fardal gå, men no set Fylkesmann Anne Karin Hamre foten ned og nektar.

Foto: Hilde Myklebust

- Grundig behandling

Han meiner at uansett kva resultatet blir i så store saker, vil folk bli misnøgde.

- Vi har føreteke ei svært grundig behandling av saka. Men uansett kva resultat ein fell ned på i ei så stor sak, og ein så lang kraftleidning, så vil nokon bli misfornøgde, og det må vi berre ta innover oss. Slik er demokratiet.

Trass i stor lette etter Fylkesmannen sitt vedtak om å nekte kraftlinje gjennom dalen, er grunneigar Brynjar Myklebust førebudd på kamp vidare.

- Kampen held sikkert fram, og vi reknar ikkje med at dette er over på noko vis, men det var i alle fall veldig kjekt at Fylkesmannen sette foten ned slik han gjorde i går, og det viser berre at ein har eit regelverk som fungerer.