Letta over at utval vil late pelsdyrnæringa leve

Pelsdyroppdrettarar er letta over at pelsdyrutvalet går inn for at næringa skal få halde fram.

Håkon Lundestad

HALDE FRAM: Pelsdyrnæringa skal utviklast, og ikkje avviklast, meiner utvalet. Håkon Lundestad, framme til høgre, er letta over avgjerda.

Foto: privat

– Eg synest det var veldig kjekt at det gjekk den vegen, og eg hadde håpa at det vert fleirtal for det, seier pelsdyroppdrettar i Fjellbygda i Gloppen, Håkon Lundestad.

I dag la pelsdyrutvalet, med Fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre i spissen, fram sin rapport om kva som bør skje med næringa. Er styrt avvikling det beste eller skal den utviklast til å vere ei berekraftig næring? Eit fleirtal på fem i utvalet landa på det siste, medan tre av medlemmane ynskte å legge ned næringa.

– Vi hadde vore sikrare om utvalet var samla om at næringa skulle halde fram, og eg hadde vel i grunn frykta at det skulle bli slik, seier Lundestad etter at den endelege avgjerda er klar.

Han er likevel særs letta over avklaringa. Mindre nøgd er stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn.

– Vi meiner styrt avvikling er rett, for det å putte aktive rovdyr i små bur let seg ikkje kombinere med god dyrevelferd, seier Rotevatn.

Nye tiltak skal betre kåra

Han følgde spent med på framlegginga av rapporten, som var avgjerande for framtida hans som pelsdyrbonde. Det er om lag 270 bruk med pelsdyr i Norge, og i 2012 var omsetningsverdien av norske skinn på vel 400 millionar kroner, og den årlege verdiskapinga ligg på kring 200 millionar kroner. Motstanden mot næringa er stor, og seinast siste vekene har debatten rasa, etter at NRK Brennpunkt synte ein omstridd dokumentar om dyrevelferda i næringa.

Pelsdyr

OMSTRIDD: Pelsdyrnæringa er omstridd, og debatten om næringa har rasa dei siste vekene.

Foto: Joar Elgåen / NRK

Fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre, har leia utvalet, og ho er også eit av dei fem medlemmane som ynskjer ei vidareutvikling av næringa.

Utvalet ynskjer også at det blir gjennomført tiltak som bør gjennomførast for å styrke legitimiteten til næringa.

  • Forsking på alternative opphaldseiningar for rev og mink
  • Styrka avlsarbeid for å få meir tillitsfulle dyr
  • ta i bruk velferdsvurderingar for jamleg å dokumentere dyrevelferda
  • Innføre elektronisk journalsystem for å dokumentere drift og velferd

Fornya tru på framtida

Dei medlemmane i utvalet som ynskjer å avvikle næringa, meiner det er vanskeleg å skape føreseielegheit i næringa. Dei meiner også at det er vanskeleg å sjå at dagens driftsformer gir ei dyrevelferd som samfunnet vil akseptere.

Lundestad har no god tru på at næringa vil overleve i lang tid framover, men er klar på at det vil bli ein tøff kamp, for eit fleirtal av partia på Stortinget ynskjer å legge ned næringa.

– Vi må ut til alle politikarar og få dei til å sjå at dette er ei berekraftig næring. Eg er oppteken av at dei må prøve å sette seg inn i korleis dette er, og ikkje berre tru og meine. Dette er næringa og livsgrunnlaget til mange personar, og då må avgjerda vere tufta på andre ting enn tru og meiningar, seier pelsdyrbonden.

Venstrepolitikaren frå Eid, trur derimot pelsdyrnæringa får ein tøff jobb med å overtyde politikarane.

– Vi tek med oss rapporten som eit fagleg grunnlag, men den endrar ikkje vår haldning til næringa. 72 stortingsrepresentantar går inn for å legge ned, og eg trur Stortinget vil gå inn for styrt avvikling, noko som ikkje vil vere ein dag for tidleg, understrekar Rotevatn.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.