NRK Meny
Normal

Letta over at jobben er sikra

NAV går vekk frå ny ordning som gjer at fleire fiskeritilsette har stått utan inntekt. – Det bergar jobbane våre, meiner tillitsvald Daniel Henriksson

Daniel Henriksson

TILBAKE TIL DET GAMLE: Tillitsvald hjå Pelagia i Måløy, Daniel Henriksson, er nøgd med at NAV skrotar praksisendringa for dagpengar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det at dei går tilbake til den gamle praksisen, gjer at vi kan behalde jobben vår. Jobben er rett og slett berga, meiner tillitsvald ved Pelagia Måløy, Daniel Henriksson.

Fjordenes Tidende kunne melde at Arbeids- og velferdsdirektoratet no vel å skrinlegge praksisendringa for dagpengar.

Endringa gjorde at fiskeritilsette langs kysten måtte stå utan inntekt grunna avslag på dagpengar. Henriksson frykta lenge at dette ville føre til at fleire tilsette måtte slutte i fiskeindustrien.

– Endringa som var varsla ville gjort det umogleg å arbeide i fiskeindustrien. Fiskeritilsette er avhengige av dagpengar under periodane med permittering. At ein no går vekk frå praksisendringa gjer at vi kan ha ein jobb i fiskeindustrien.

NAV går tilbake til den gamle praksisen for utrekning av dagpengar, seier direktør for NAV i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

– Praksisendringa er avvikla. No er det tilbake til praksisen ein hadde tidlegare, og som både bedrifter og tilsette er vande med. I framtida vil denne praksisen og regelverk vere gjeldande.

Ferdigbehandla innan ei veke

Sakene om dagpengar skulle bli behandla på nytt lova NAV i april. Ei eiga forvaltningsavdeling har gått gjennom kring 140 saker frå permitterte fiskeritilsette. Sakshandsaminga nærmar seg slutten.

Tore Thorsnes

SKROTAR NAV-ORDNING: NAV går tilbake til gammal praksis for utrekning av dagpengar, fortel direktør for NAV i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

Foto: Nav

– Alle sakene skal kunne bli ferdigbehandla innan ei veke og så fort som rå, seier direktør for NAV i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

For tilsette utan dagpengar og inntekt har behandlinga av sakene tatt lang tid, meiner tillitsvald hjå Pelagia i Måløy, Daniel Henriksson.

– Det har tatt unødvendig lang tid når tilsette må gå tre månadar utan inntekt, men det er veldig gledeleg at dei no lovar ei ferdig behandling av sakene innan ei veke.

– Eit lite kaos

NAV har vedgått rot med dagpengane i fiskeindustrien, grunna manglande informasjon om praksisendring.

– Manglande klarheit kring informasjon om praksisendringa har oppstått både innad i etaten og ut til bedriftene. Det har gjort sitt til at det har oppstått eit lite kaos, og er eit typisk byråkratisk dilemma. Vi har jobba knallhardt for at dette skal løyse seg, seier direktør for NAV i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

Trass i rotet med dagpengar, håpar NAV-direktør Thorsnes at fiskeritilsette likevel vil kunne ha tiltru til NAV.

– Uskuldige har blitt ramma av dette, noko som ikkje er spesielt kjekt. Det er viktig for oss å rydde opp, og eg håpar at dei som har vore ramma vil sjå i framtida at ein kan stole på dette systemet.

Pelagia Måløy

UTAN INNTEKT: I over tre månader har fleire tilsette ved fiskefabrikken Pelagia i Måløy stått utan inntekt grunna dagpengerot.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.