Hopp til innhold

Lett match for Sogndal i Årdal

Sogndal vann 4-0 då dei gjesta Årdal FK til årets første treningsmatch.

Eirik Bakke i treningskamp mot Årdal FK

GREI SKURING: Eirk Bakke spelte sin første Sogndal-kamp sidan 1999, og kom godt frå det.

Foto: Arve Uglum / NRK

- Det var ei gjennomkøyring. Vi er prega av at vi mangla mange spelarar. Det blir meir struktur fram mot seriestart. I alle fall i andreomgangen vart det mest spel på ein halvdel og då blir det ikkje likt det vi møter i eliteserien, seier Sogndal-trenar Harald Aabrekk.

Vanskeleg for vertane

Sjølv om Årdal FK vart vel mange nummer for små til å gje Sogndal skikkeleg sparring, stod det berre 1-0 til pause. Ulrik Flo sytte for det då eit raskt teke frispark sende han åleine gjennom. Over i 2. omgang dobla Mats Solheim etter ein corner før Joakim Rudolfsen kom inn for ein lite synleg Espen Olsen og krangla inn 3-0. Ulrik Flo hadde ein aktiv kveld og kom til fleire store sjansar han ikkje fekk utnytta. Like før slutt var det likevel hans tur igjen då han sette inn 4-0.

Nykommarane Kenneth Udjus og Cato Hansen var ikkje med. Det var heller ikkje Aye Ahyee Elvis eller Barry Kader.

Ving på prøve

Sogndal har varsla at dei skal hente inn ein offensiv midtbanespelar før årets spelarjakt er avslutta. Den spelaren kan bli Ole Amund Sveen (20) frå Raufoss. Han gjorde ein grei figur på kunstgraset i Årdal, sjølv om han spelte i ein litt uvant posisjon.

- Ole er ein god fotballspelar så me får ta ein evaluering no som han har vore med oss både i trening og kamp. Så får me sjå kva planar han har og. Han har vore bra på trening. I dag brukte me han på venstre kant og det er litt uvant for han som er høgrefota.

Til syden i morgon

Sveen blir ikkje med når Sogndal-troppen reiser til Gran Canaria tysdag for å få trent på gras. Der slepp dei i alle fall å ta hjørnespark frå ei snøfonn slik dei måtte i Årdal, der brøytemannskapa hadde vore litt vel knappe i svingane då snøen på bana blei rydda.

- Det var eigentleg fine speleforhold her inne i dag så me skal ikkje klage på det, men det er klart det ligg ein motivasjon i å kome på gras, seier Harald Aabrekk.

Sogndal starta med følgjande lag: Joe Bendik, Mats Solheim, Vegar Gjermundstad, Even Hovland, Per Egil Flo, Ole Jørgen Halvorsen, Eirik Bakke, Henrik Furebotn, Ole Amund Sveen, Ulrik Flo og Espen Olsen.