Hopp til innhold

Lét vilt framande kome med namneforslag til det ufødde barnet

Thor Helge frå Florø og Marielle måtte velgje mellom heilt nye namn som Fjordar, Tylde, Serik, Eintor, Øyve, Vardstein, Runstein til sitt ufødde barn.

Thor Helge Gjersten frå Florø og Marielle Berge frå Stord

KUNNE VELJE OG VRAKE: Thor Helge Gjersten og Marielle Berge overlét til Nomino sine lag til å plukke ut namn til barnet dei ventar.

Foto: NRK

Dei lét nemleg barna i ein barnehage, ein gjeng med cheerleaders og rockebandet Enslaved kome med forslag til kva deira ufødde dotter skulle heite.

Å bestemme seg for namn til ein ny verdsborgar kan vere veldig vanskeleg. Endelaus blading i namnebøker og lange familiediskusjonar er eit kjend fenomen.

Thor Helge Gjersten frå Florø og Marielle Berge frå Stord derimot, tok imot utfordringa frå TV-serien Nomino, og lét tre lag konkurrere om å lage eit heilt nytt namn til sitt ufødde barn.

– Det fyrste eg tenkte då me blei spurde var: Kult! Då slepp me kranglane om kva ungen skal heite, seier Thor Helge.

Og det dei blei spurde om var:

«Nomino leitar etter eit gravid par som vil vere jury i vår namnekonkurranse. Tre lag skal konkurrere om å lage dei finaste, nye fornamna, og premien er at vinnarnamnet blir gitt til ein nyfødd unge. Kan de tenkje dykk å vere jury, og gi barnet de ventar eit flunkande nytt namn?»

Enslaved i Nomino

LAGA NAMN: Medlemene i det norske hardrockbandet Enslaved var eit av laga som var med på å lage nye namn.

Foto: NRK

Dei einaste krava Thor Helge og Marielle stilte var at namnet skulle passe bra til Elida, storesøster sitt namn, og at namnet skulle klinga bra på norsk.

Dei tre laga, sett saman av mellom ein gjeng med cheerleaders, ein gjeng med barnehageungar og medlemene i hardrockgruppa Enslaved, skapte heile 146 splitter nye namn.

Fekk forskarråd

For å sjekke om namna faktisk var heilt nye, fekk ho hjelp av Ivar Utne og Gulbrand Alhaug, erfarne namneforskarar frå UiB og UiT.

Namneforskarane Ivar Utne og Gulbrand Alhaug med sine personlege favorittar

LIKTE FORSLAGA: Namneforskarane Ivar Utne og Gulbrand Alhaug.

Foto: NRK

– Eg syns Soleie er eit veldig fint namn. Det vil eg tilrå, seier ein begeistra Gulbrand Alhaug.

Då Nomino si namnebok høgtideleg blei overrekt paret nokre veker før fødselen, fekk fleire av namna begge to til å skratte høgt. Som Pomfrid, Dobben, Skyra og Merkurius.

Valde eit av namna

Men fleire av namna er tydelegvis innertiarar, for når Marielle og Thor Helge plukka ut finalistane, hang det til slutt 21 namn på tavla:

  • Fjordar, Tylde, Serik, Eintor, Øyve, Vardstein, Runstein, Steie, Vengje, Tylda, Solvil, Yld, Ylv, Lysar, Juvin, Soleie, Fale, Tåra, Vona, Torjord, Torna

Kva namn Thor Helge og Marielle valde får du vite om du ser Nomino på NRK1 torsdag 20.25, eller i tv-spelaren for nett og mobil

Gøril Grov Sørdal

MANGE NAMN: Programleiar for Nomino, Gøril Grov Sørdal, tykkjer det var tøft gjort av foreldreparet å velgje blant alle namna som blei laga.

Foto: NRK