NRK Meny
Normal

Danskar let seg inspirere av norsk natur og «rare» naboar

GLOPPEN (NRK): I over ti år har danske kunstnarar budd og arbeidd i det historiske Karnilstunet i Gloppen, til gjensidig glede for både kunstnarar og naboar.

Mogens Nørgård målar i Karnilstunet.

VAKKERT LANDSKAP: Kunstnaren Mogens Nørgård målar i Karnilstunet.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Eg gler meg til kvar sommar når dei kjem. Det er veldig hyggeleg, inspirerande og kjekt å ha dei her – og det trur eg alle naboane rundt her er einige med meg i, seier keramikar Åse Skrivarvik, som har tett kontakt med kunstnarane.

Mogens Nørgård og Åse Skrivarvik

GODT SAMARBEID: Keramiker Åse Skrivarvik er glad for å ha Mogens Nørgård og dei andre danske kunstnarane i Karnilstunet.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Saman stiller dei no ut verka sine i Galleri 104 på Sandane. Utstillinga opna laurdag, og vert ståande til september.

«Rare» og gode naboar

Det er andre gong dei danske kunstnarane stiller ut i kommunen, men dei har ei rekke kunstnaropphald i det historiske Karnilstunet bak seg. Det hundre år gamle huset var busett fram til 1988, men sidan då har det stått tomt.

– Eg var på ein tur med soknepresten vår, Olaf Gundersen, og då kom vi inn på kva vi kunne bruke Karnilstunet til. Han hadde kontakt med kunstnarmiljøet i Danmark, særleg Sven Havsteen-Mikkelsen, ein kjend kyrkjekunstnar, og Olaf meinte at det måtte vere til gjensidig glede og nytte å få bruke det til opphald for danske kunstnarar. Og det har vore ein knallsuksess! Dei danske kunstnarane er blant mine aller beste vener, seier nabo Kåre Hauge.

Karnilstunet

GAMMALT TUN: Nokre av bygningane i Karnilstunet vart bygd på 17- og 1800-talet.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Han lurte litt etter første møtet då kunstnar Mogens Nørgård hadde skrive i gjesteboka om dei "rare" naboane, men den språklege misforståinga vart raskt oppløyst (rar på dansk vert snill på norsk).

Mogens understrekar at han kjenner seg svært godt motteken i tunet. I tillegg til han og kona Luminita er kunstnarane Jens Bohr og Helle Baslund årets inviterte.

– Storslått natur

– Det er skjønt å vere her, spesielt som i dag, når sola skin, seier Nørgård, som set stor pris på sommarvekene i Gloppen.

Han sit og måler i ei gammal stove omgjort til atelier for sommaren. No held han på med eit måleri med motiv frå Kandal, av det han omtaler som storslått natur.

Og sjølv om naturen er ganske så ulik det flate danske landskapet, er vêret like omskifteleg som han er van med i Danmark, og kan skape utfordringar når ein sit ute og målar direkte framfor motivet. I dag sit han inne og måler etter eit foto, men er nøgd med sollyset som skin inn i den gamle stova som no er omgjort til atelier.

Ei stove i Karnilstunet

METAPORTRETT: I ei av stovene i Karnilstunet er han som budde i huset, Kornelius 'Karnils' Hauge, portrettert av Mogens Nørgård. På portrettet sit han i stova der han no heng innramma på veggen.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast