Hopp til innhold

Bøndene varslar moglege aksjonar - men ministeren let seg ikkje skremme

Landbruksminister Sylvi Listhaug let seg ikkje styre av bønder som trugar med aksjonar.

Landbruksminister Sylvi Listhaug vitja Nortura sitt anlegg i Førde.

LET SEG IKKJE STYRE: Landbruksminister Sylvi Listhaug er klar på ein ting framfor årets landbruksoppgjer, ho kjem ikkje til å la seg styre av varsel om aksjonar.

Det var den klare beskjeden frå ministeren under besøket på Nortura sitt slakteri i Førde tysdag.

Kledd i kvit overtrekksdress fekk ho sjå heile prosessen, frå avliving av dyra, sjølve slakteprosessen og opphenging av skrottane.

– Det er veldig interessant å sjå korleis det går føre seg på her på slakteriet. Eg er imponert, sa ministeren.

Fylkesmannen, lokale ordførarar og representantar frå Tine var også til stades då landbruksministeren frå Framstegspartiet vitja Nortura-anlegget.

Let seg ikkje presse

Fleire bondetoppar har ymta frampå om at det vil bli omfattande aksjonar dersom årets landbruksoppgjer vil slå dårleg ut for bøndene.

Allereie i november i fjor byrja Norges Bondelag å planlegge moglege aksjonar, dei sette då ned eit eige aksjonsutval framfor landbruksoppgjeret våren 2014.

Listhaug seier ho på ingen måte let seg presse til å gje bøndene meir av den grunn.

– Eg registrerer at det har vore rasla ein del med sablane, men det er ikkje meir enn to år sidan, då Senterpartiet hadde landbruksministeren, at bøndene hadde aksjonar.

– Eg ønskjer vi skal få til ein god avtale og kome til semje med bøndene.

– Så du let deg ikkje truge av aksjonar?

– Absolutt ikkje. Eg let meg aldri styre av truslar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bondeaksjon Ørsta Volda

AKSJON: Bøndene aksjonerte i hopetal under landbruksoppgjeret for to år sidan. Ministeren let seg ikkje skremme av det blir varsla liknande aksjonar i år.

Foto: Terje Reite / NRK

Refs frå Senterpartiet

Fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling frå Senterpartiet, var også med i følgjet.

Ho uttrykte sterk frykt for at Listhaug og den blå regjeringa skal rasere småskalalandbruket i Distrikts-Noreg.

– Dersom ein både kuttar i overføringane til landbruket og endrar på marknadsordningane innan kjøt og mjølk, og i tillegg reduserer tollvernet, då vil det bety eit ras for landbruket i distrikta, sa ho.

Slår hardt tilbake

Listhaug på si side fnys av kritikken frå Senterpartiet.

– No har Senterpartiet styrt dei siste åtte åra og eg har ikkje møtt mange i næringa som var fornøgde med innsatsen Senterpartiet gjorde.

– Senterpartiet bør feie for eiga dør. Min jobb i tida som kjem blir å ta norsk landbruk vidare og gjennomføre endringar som er heilt nødvendige, seier Frp-politikaren.

Norsk mat ikkje kostbar

Ferske tal viser at den norske maten ikkje er kostbar i høve inntektsnivået i Norge. I berre to europeiske land er maten billegare i høve gjennomsnittsinntekta.

Listhaug meiner likevel at dei norske matvareprisane må ned.

– For dei som ikkje har så god råd er maten dyr. Det er difor viktig å ha fokus på kostnadsnivået på matvarene.

– Men statistikk viser at den norske maten ikkje er dyr?

– Lønningane i Norge er forskjellige og dei som har låge inntekter opplever at maten er dyr, held ministeren fast.

(Artikkelen held fram under)

Nortura sitt slakteri i Førde

PÅ BESØK: Landbruksminister Sylvi Listhaug var tysdag på besøk på Nortura sitt anlegg i Førde. Her fekk ho sjå heile prosessen frå slakting av dyra til opphenging av skrottar.

Foto: Bård Siem / NRK

Vil forenkle og fornye

Både Høgre og Frp går inn for omfattande kutt i overføringane til landbruket. På spørsmål om regjeringa sin politikk bil føre til eit betre landbruk i Norge svarar ministeren slik.

– No skal regjeringa gjere mange grep.

– Vi ønskjer ei modernisering, forenkling og liberalisering av landbruket. Når det gjeld lønsemda i landbruket er det eit mål for oss å få opp den, seier Listhaug.

Avviser av bøndene har noko frykte

– Eg har snakka med mange bønder som fryktar for framtida etter at du vart landbruksminister. I mange sine auge har ikkje Frp vore ein ven av landbruket. Har dei noko å frykte?

– Nei. Eg har vakse opp på eit mjølkebruk på Sunnmøre og kjenner godt livet på eit gardsbruk. Vi ønskjer å ha eit landbruk over heile landet. Samtidig trengst det endringar, seier Listhaug.